«Game of Thrones»-skodespelar Hafthor Bjornsson sette verdensrekord i markløft


Hafthor Bjornsson som spelte «The Mountain» i TV-serien Game of Thrones har utklassa sin britiske rival Eddie Hall med knappast mogleg margin, etter eit markløft på heile 501 kilo.

Begge er profesjonelle strongman-utøvarar og Eddie Hall vart kjent for å vinna verdas sterkaste mann-konkurranse tilbake i 2017. Bjornsson frå Island kom då på andreplass.

Året før sette Hall verdensrekord i markløft med 500 kilo. Rekorden har sidan stått urørt fram til no, då Bjornsson slo den med 1 kilo.

Bjornsson hadde opprinneleg tenkt å utføre løftet i ein profesjonell styrkeløftkonkurranse, men måtte avlyse på grunn av restriksjonar som følgje koronavirus. Sidan løftet vart utført med ei standard vektstang vart ikkje rekorden godkjent offisielt.

Islendingen varma opp med to løft, det første på 420 kilo og det andre på 460 kilo. For å setje det heile i kontekst har Bjornsson ei eigenvekt på nær 200 kilo.

Farleg tungt

Etter at Eddie Hall hadde løfta 500 kilo vart kvilepulsen målt til 203 slag i minuttet 20 minutt etter, mot 140 som har vore normalt etter tunge løft. Dei tre første gangene ambulansepersonellet målte greidde ikkje utstyret måle pulsen fordi den var for høg.

Han fekk også ein mindre hjerneblødning.

I intervjuet med Offical Strongman seier Hall at blodtrykket steig kraftig etter at han låste løftet i topposisjon, og at han byrja miste medvitet. Dette forsterka seg etter at han sette vektene i golvet.