Svertekampanjen mot TikTok handlar ikkje om tryggleik


USAs president, Donald Trump, seier han vil forby det populære sosiale nettverket TikTok.

TikTok let brukarane dele korte videoklipp med typisk sang, miming, humor og dansing. Nettverket er eigd av det kinesiske firmaet ByteDance i Beijing og vart lansert for marknaden utanfor Kina i 2017.

Grunngjevinga for å forby TikTok er udokumentert påstand om at brukarane gjev frå seg sin private informasjon til kommunistpartiet i Kina.

Les også: Drakamp om den fjerde industrielle revolusjonen

TikTok er svært verdifullt på grunn av suksessen, og har ein marknadsverdi på minst 50 milliardar dollar. Nær 70 % av investorane er USA-baserte investeringsfond.

TikTok samlar ikkje inn personlege data

Steigan.no skriv at TikTok ikkje samlar inn personlege data, utanom dei som er nødvendige for å publisere og dele videoklipp. Desse dataene vert lagra i USA i dag, og det er ikkje sannsynleggjort at verken Kina eller kommunistpartiet skulle ha nokon som helst interesse av slike data.

Tvert om er det avslørt at den amerikanske etterretningstenesta [NSA, red. anm.] dreiv – og fortsatt driv – ulovleg overvaking gjennom etterretningsprogrammet PRISM. Så godt som alle amerikanske appar, programvare og sosiale medier vert spionert på.

Verdifullt firma

Amerikanske investorar har stor interesse i å ta over kontrollen på det verdifulle firmaet. Når USAs regjering gjer TikTok til eit spørsmål om nasjonal tryggleik kan dei tvinge eigaren til å godta slik overtaking; til ein pris som er mykje lågare enn marknadspris.

Microsoft står først i  køen.

TikTok forsøkte lenge justere seg etter kritikken frå styresmaktene i USA, men har gjeve opp, og vil ikkje lenger behalde sin eigarandel i firmaet.

Fleire hevdar at aksjonen mot TikTok ikkje handlar om tryggleik, men om eit vellukka raid der USAs styresmakter brukar tryggleik og sanksjonar for å overta eit utanlandsk firma og sluke verdiane i det.

Les også: Pompeo samanliknar Huaweis 5G med «sovjetisk teknologi», men i Noreg er naudnettet hans omtala som den største IT-skandalen

Sjå den korte og dramatiske tidslinja for TikTok nedanfor:

Tidslinje: GlobalTimes.

Teknologikrig er ein talentkrig

Forskar på USA-Kina-relasjonar ved Tsinghuauniversitetet, Zhou Shijian, seier i kommentar til Global Times at kinesiske teknologibedrifter som har ambisjonar om å utforske internasjonale marknader må sjå på Huawei som eit eksempel:

– Alle kinesiske firmaer må lære av Huawei, ein stein som har knust alle egg USA har kasta, seier han, og at Huawei er godt førebudd, og dei meistrar kjerneteknologi.

Chen Da, direktør i Shanghai-baserte Anlan kapital seier det er stor framgang når eit kinesisk teknologifirma kan utfordre Facebook så raskt.

Han meiner at kinesiske firmaer må passe seg for mulige smutthol ved utanlandsk ekspansjon, slik at dei ikkje vert utforska av andre i dei aukande motvindane i teknologikrigen mellom USA og Kina.