Elden: – Eg trur vi ser eit paradigmeskifte der tilsette i offentleg verksemd får same ansvar som alle andre i Noreg for personlege feil

Samanger kommune har hyra inn advokat John Christian Elden til å vurdera grunnlag for eit regressøksmål mot den tidlegare barnevernsleiaren.

Førre veke gjorde politikarane i Samanger kommune eit historisk vedtak og vil førebu søksmål mot tidlegare barnevernsjef Thore Austnes.

Dette kjem etter offentleggjeringa av ein granskingsrapport om den kommunale barnevernstenesta som konkluderte med ei rekkje grove lovbrot.

Fylkesmannen i Vestland ved Arnt Erik Nordheim og Gunnar Hæreid forsøkte unndra denne rapporten frå offentlegheita ved å truga med «lovlegkontroll» på kommunestyrevedtaket om offentleggjering. Nokre dagar seinare gjorde duoen heilomvending og trekte «lovlegkontrollen».

Vil krevja erstatning frå barnevernsleiaren og frå staten ved fylkesnemnda og tingretten

Samanger kommune har hyra inn advokat John Christian Elden til å vurdera grunnlag for eit regressøksmål mot den tidlegare barnevernsleiaren. Advokatfirmaet skal levera ei attendemelding til formannskapet og kommunestyret i september.

Elden seier til Grafen at han trur vi ser eit paradigmeskifte der tilsette i offentlig verksemd får same ansvar som alle andre i Noreg for personlege feil.

– Det er ingen logikk i at det skal vera ein forskjell. Poenget med ansvar er jo at det skal spora til forsvarleg utøving av yrket og ikkje overdreven maktbruk, seier han, og:

– Politifolk har lenge hatt eit tilsvarande ansvar.

Advokat Ingrid Lauvås i Advokatforeningen har tidlegare sagt til advokatbladet at domstolane har for stor tillit til det staten legg fram. 

Den same trenden er ikkje uvanleg i barnevernsaker.

– I rettssystemet bør dommarar lære seg at argumenta ikkje er betre sjølv om den eine advokaten hevdar å vera staten og den andre bistår den private part, avsluttar Elden.