Nedteljing til ny handelskrig: Kina førebur mottiltak som svar på USA-sanksjonar mot Huawei


I går rapporterte kinesiske medier om mottiltak mot dei amerikanske teknologiselskapa Apple og Cisco dersom USA held fram med sanksjonar mot den kinesiske telegiganten Huawei.

Det var Global Times Daily som siterer kinesiske styresmakter om at dei vil setje i gang kraftfulle mottiltak for å beskytte eigne legitime rettar.

Apple, Cisco og Qualcomm vil havne på lista, saman med flyselskapet Boeing. 

Cisco er eit amerikansk firma som produserer nettverks- og kommunikasjonsutstyr. Boeing produserer fly for sivile og militære føremål og er verdas nest største flyprodusent, etter Airbus.

Les også: Drakamp om den fjerde industrielle revolusjonen 

– Kina bør iverksetje mottiltaka på ein slik måte at USA ikkje tør be om ein kilometer etter å ha fått ein centimeter, sa He Weiwen, tidlegare tenestemann i den kinesiske handelsorganisasjonen.

Meldinga kom etter at USA hadde annonsert nye restriksjonar mot Huawei, som inkluderer eit forbod mot eksport av semikonduktorar til teknologigiganten.

Les også: Pompeo samanliknar Huaweis 5G med «sovjetisk teknologi», men i Noreg er naudnettet hans omtala som den største IT-skandalen

Amerikanske styresmakter har plassert Huawei og 70 andre kinesiske teknologibedrifter på ei liste sidan mai 2019 med spionasjepåstander. Bevis for påstandane har dei ikkje lagt fram, og Kina nektar for dette.

Kina best for Apple

Ser du på baksida av ein iPhone eller anna Apple-produkt står det «Assembled in China». Mange trur at Apple berre er ute etter å tjene masse pengar på å flytte produksjonen der – men slik er det ikkje.

New York Times har gjort ei rekkje undersøkingar og funne at Kina er det einaste landet som kan levere den høge etterspurnaden til Apple.

iPhone kan ikkje produserast i USA fordi dei ikkje har kapasitet. Det er ikkje stor nok arbeidsstyrke til å lage produkta.

Ein av fabrikkane i Kina har 230 000 tilsette som arbeidar med montering av iPhone. I USA finst det berre 83 byar som har befolkning tilsvarande tilsette i denne fabrikken.

Vidare har mange fabrikkar i Kina internat der tilsette bur. Det vil seie at mange tilsette bur og arbeidar på fabrikken. Slikt type arbeid har høg etterspurnad i Kina og dei kan skaffe mange nye tilsette i løpet av kort tid.

Ein annan ting er at alle råvarene som inngår i produksjonen av ein iPhone ikkje eksisterer i USA. I Kina ligg råvarene i kort avstand til fabrikk. Levering av slike råvarer med skip til USA betyr mykje høgare kostnader og dyrare sluttprodukt for kunden.

I tillegg er Kina ein enorm marknad for Apple-produkt som iPhone og MacBook. Første kvartal i 2020 hadde Apple inntekter på 139 milliardar kroner – som utgjer 15 % av dei totale inntektene til selskapet i perioden.