Statsepidemiolog Anders Tegnell i Sverige er politianmeldt for massemord. Dette fordi han ikkje har anbefalt personell innan eldreomsorg å bruke beskyttelsesutstyr som munnbund. Det skriv nettavisa Fria Tider.
Det er legen Jon Tallinger – som sjølv ikkje står bak anmeldelsen men som tidlegare har retta hard kritikk mot Sveriges koronahandtering – som publiserte anmeldelsen på Facebook-veggen sin.
I følgje anmeldelsen er Anders Tegnell ansvarleg for dei mange dødsfalla innan svensk eldreomsorg. Dette fordi statsepidemiologen ikkje har anbefalt personell å bruke munnbind eller FFP3-masker.
Les også: Smitteekspert: – Munnbind effektivt for å beskytte seg mot koronavirus
Dei mange dødsfalla blant ville ikkje ha skjedd om Tegnell hadde teke avgjerder basert på vitskap, som å tilrå bruk av munnbind når personell arbeider med eldre, står det i anmeldelsen. Det vert vidare vist til symptomfritt personell som har spreidd smitten blant eldre.
https://www.facebook.com/jon.tallinger.9/posts/2601150003481059