Femte generasjons mobiltenester (såkalla «5G») er omtalt som den fjerde industrielle revolusjonen og handlar om «tingenes Internett» og «smarte heimar», der gjenstandar koplar seg saman og utvekslar data, som til dømes kjøleskåp, smartbelysning og smarte straummålarar.

Les også: Drakamp om den fjerde industrielle revolusjonen

Det gamle 4G-mobilnettet som også er brukt i Noreg har teoretisk toppfart på 100 megabit per sekund (100 Mbps). 5G har teoretisk toppfart på 10 gigabit per sekund (10 Gbps) – altså hundre ganger raskare.

No har den kinesiske telegiganten Huawei ferdigstilt 5G-dekning på verdas høgaste fjell, Mount Everest. Signalet vart slått på i går – og det skal vera dekning på toppen.

Basestasjonen er bygd 5300 meter over havet, og åtte tonn utstyr vart frakta opp med hjelp av yakoksar. Klatrarar, turistar og lokale innbyggjarar kan alle bruke 5G-tenestene i leirområdet.

Les også: Pompeo samanliknar Huaweis 5G med «sovjetisk teknologi», men i Noreg er naudnettet hans omtala som den største IT-skandalen

Huawei seier at 5G-teknologien er ekstremt kompakt og stasjonane på Mount Everest er spesielt utvikla for det barske klimaet der. Telegiganten har også planar om å måle den nøyaktige høgda til verdas høgaste fjell, som offisielt er målt til 8848 meter over havet.

I følgje Unwire har 150 personar delteke i arbeidet med bygging av basestasjonar, oppgradering av ei 177 kilometer lang linje, og 25 kilometer med fiberoptiske kablar.

5G has been brought to Mount Everest… with the help of yaks! Yes, yaks. The long-haired oxen helped carry the equipment to the highest place on Earth. Follow us for more 5G news.

Slået op af Huawei i Tirsdag den 28. april 2020