Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.
SØSTERBY: Øskjene frå Shanghai inneheld fleire tusen ansiktsmasker. Oslo vart søsterby til Shanghai i 2001. Foto: Kinas ambassade.

I går overrekte Kinas ambassadør til Noreg, Yi Xianliang, fleire pallar kvalitetsverneutstyr i kampen mot koronavirus til helsebyråd i Oslo, Robert Steen.

Les også: Smitteekspert: – Munnbind effektivt for å beskytte seg mot koronavirus

Oslo vart søsterby til Shanghai for 19 år sidan, og det er hamnebyen som sender gåva helsebyråden tok i mot.

I gåva var ti tusen ansiktsmasker av typen KN95 og tre tusen ansiktsmasker av typen N95, som begge filtrerar vekk 95 % av luftbårne partikler. I tillegg fekk byråden overlevert 400 smitteverndrakter for helsepersonell.

Kinas ambassadør utveksla også synspunkt i høve arbeidet med å bekjempe koronaviruset, og samarbeid mellom landa på lokalt nivå.

Sidan utbrotet av koronaviruset i Noreg har Kina aktivt delt sine erfaringar og bistått med høgteknologisk medisinsk utstyr:

– Vi står saman med den norske regjeringa og folket i kampen, og skal bekjempe utbrotet til ein fullstendig felles siger er sikra, sa ambassadør Yi.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.