Brannslangar med vatnet sett på: Sprikande forklaringar på kven som eig og disponerer Tørvis


Tysdag vart Tørvis Hotell i Luster kommune skada etter vasslekkasje. Det var to brannslangar som var drenge ut med vatnet på. I følgje Sogn Avis var slangane dregne ut i tredje etasje, og vatnet rann nedover etasjane.

Politiet i Sogndal har sett i gang med etterforsking, men har ikkje ville dele informasjon med Grafen tross fleire forsøk.

Mange Straumstein som er konstituert lensmann seier til Grafen at fleire medier har spurt etter bilete av skadane, men ingen har fått på grunn av etterforskning. Grafen har likevel bede om å få bilete som ikkje har relevans for etterforskning, men Straumstein vil ikkje gi slike heller.

Ingen mistenkte

I følgje Straumstein er det ingen mistenkte enno og dei etterforskar i breidden. Heller ikkje vil han seie noko om kven dei avhøyrer, eller om skadeomfanget.

I dag ligg hotellet ute på tvangssal med ein verditakst på 13 millionar kroner. Det har komme inn to bod på 11 millionar kroner.

Analyser Grafen har gjort viser at hotellet ikkje er særleg lønnsomt.

Les også: Difor er Tørvis Hotell eit dårleg investeringsprosjekt

Vasslekkasjen skal ha starta i tredje etasje. Foto: Grafen.

Sprikande forklaringar på kven som eig og disponerer Tørvis

Verken Ola Moe i Scoop AS eller Gunnar Ruud i Luster Sparebank vil gje Grafen tilgang til å komme inn i bygningen for å ta bilete. Dei kranglar også om kven som er eigar og kven som disponerer bygget.

Her kan du sjå dei ulike forklaringane:

Lensmann Magne Straumstein seier til Grafen at Luster Sparebank er eigar av bygget, noko Grunnar Ruud i Luster Sparebank benektar. Foto: Grafen.

Gunnar Ruud i Luster Sparebank skriv i SMS at:

Gunnar Ruud i Luster Sparebank er ueinig med politiet at banken er eigar av Tørvis. Dermed vil han ikkje gje media tilgang. Foto: Grafen.

 

Ola Moe i Scoop AS hevdar på si side at det er Gunnar Ruud i Luster Sparebank som eig og disponerer eigedommen. Foto: Grafen.

 

Melding frå Ola Moe om at journalistar ikkje skal inn på Tørvis Hotell. Foto: Grafen.

Og så held det fram:

Melding frå Ola Moe. Foto: Grafen.

og vidare:

Melding frå Ola Moe. Foto: Grafen.

Litt seinare fekk Grafen kopi av denne meldinga som er ei stadfesting på at eigedommen vart overlevert til Gunnar Ruud i Luster Sparebank den 3. desember 2019.

Ola Moe seier til Grafen at «han ikkje har råderett, disponert eller hatt tilgang til eigedommen sidan då», og at dette gjeld fortsatt. Han viser til prosesskriv frå desember 2019, og e-post om at nøklar til bygget er overlevert Ruud.

Meldinga viser at ein advokat, Ole Rune Døskeland, ved Fjordane Advokatkontor har motteke og overlevert nøklar til Tørvis Hotell til Gunnar Ruud i Luster Sparebank. Foto: Grafen.