Forsvaret: – Strenge tiltak det einaste som nyttar mot koronavirus


Pentagon som er hovudkvarteret til det amerikanske forsvarsdepartementet har sett 2600 soldatar i den europeiske felleskommandoen [EUCOM, red. amn.] i karantene etter at 35 testa positivt på koronavirus.

Karantenetida svekkar Washington D.C sin maktprojeksjon i Europa. Sidan fredag har militært personell måtte gå i karantene som følgje viruset.

– Dei individuelle er ikkje nødvendigvis sjuke, men kan ha blitt eksponert, og må sitja i karantene som helseførebyggjande tiltak, skreiv Pentagon i pressemeldinga.

Nyleg vart NATOs største øving «Defender Europe 2020» kansellert. Det same vart den norskarrangerte militærøvinga «Cold Response» på grunn av koronaviruset.

Pentagon førebur seg likevel på eit «worst-case»-scenario, med tanke på spreiinga.

Viruset har smitta over 300 000 til no, og meir enn 13 000 har mista livet verda over. Følgjene av dette er også kansellering eller nedskalering av fleire amerikanske militærøvingar, mellom anna i Europa og Sør-Korea.

Landgangsfarkosten KNM «Sørøysund», bygd i 1972, og utan synlege våpen på dekk, var med på den norskarrangerte øvinga «Cold Response 2020». Her på Sørreisa i Troms og Finnmark fylke den 12. mars før avlysinga. Foto: Torbjørn Kjosvold/Forsvaret.

Den norskarrangerte militærøvinga «Cold Response» er frå tidlegare heimsøkt av tragediar og ulukker. Fleire stridsvogner har gått gjennom isen, folk hugsar flyulukka på Kebnekaise, og ei rekkje kollisjonar med sivile køyretøy, og utforkøyringar. No er det koronavirus.

Strenge tiltak det einaste som nyttar

Erfaringane frå Kina seier at dess fortare ein får isolert sjukdommen og hindra spreiing, dess fortare får ein kontroll over epidemien. Erfaringane har også det norske forsvaret brukt.

Les også: Kina sender nødhjelp til Europa, og viser ei stormakt som stiller opp der det trengast

Kommandérsersjant Elisabeth Q. Eikeland seier til Grafen at forsvaret forheld seg til gjeldande føringar frå Helsedirektoratet, og handhevar desse reglande strengt, både nasjonalt og i internasjonale operasjonar:

– Under vinterøvinga «Cold Response» vart ein heil garnison [ein militærstyrke som er stasjonert på ein særskild stad, red. anm.] sett i karantene, og dette har vist at det å følgje dei strenge tiltaka er det einaste som nyttar i kampen mot korona, seier Eikeland.

Ho seier at Forsvaret var tidleg ute, og efaringar frå Skjold vert praktisert no ved alle avdelingar, uavhengig forsvarsgrein.

– Forsvarets primæroppgåve er å løyse operasjonelle oppdrag på vegne av staten, difor er vi svært bevisste på smittevern, avslutta Eikeland.