Varslarsakene: Politikarane aukar erstatningssummen og ber om orsaking

    Foto: Mariann Skau/Sogndal kommune

    Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

    Politikarane i kommunestyret gjekk inn for å auka tilbodet frå kommunen om erstatning til tidlegare tilsette i barnevernet. Det skriv Sogndal kommune i ei melding på Facebook.

    Torsdag fekk formannskapet og kommunestyret ei orientering om søksmålsvarsla i varslingssakene i Sogn barnevern. Politikarane vedtok å realitetsbehandla saka og møtet vart lukka under behandlinga.

    Politikarane kom fram til følgjande samrøystes vedtak:

    1. Kommunestyret i Sogndal kommune ber om orsaking for dei ulempene som varslarane direkte og indirekte er blitt påførde, og den belastninga som følgjer av ein krevjande prosess, særleg for dei involverte, men også for dei tilsette i Sogndal kommune og lokalsamfunnet. Kommunestyret vil også beklage at saka har drege ut i tid, og dermed påført ytterlegare belastning.
    2. Kommunestyret ynskjer å avslutte saka gjennom ei minneleg avtale med varslarane, og tilbyr 3,5 millionar kroner.
    3. Kommunestyret ber rådmannen leggje fram eiga sak om finansiering.
    4. Kommunestyret er oppteken av at kommunen tek lærdom av saka, som kan hindre at liknande saker oppstår i framtida.

    Frode Bøthun (KrF) var inhabil under handsaming.

    Ordførar i Sogndal, Arnstein Menes, har ikkje svart Grafen på spørsmål i høve saka.

    Les også: Marit Hagevik og Hadle Blikra prøver seg på ny omkamp

    Politikarane i kommunestyret gjekk inn for å auka tilbodet frå kommunen om erstatning til tidlegare tilsette i barnevernet. Les meir på nettsida til kommunen,

    Slået op af Sogndal kommuneTorsdag den 13. februar 2020


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.