KS-advokat Geir S. Winters påstår Sogn Avis desinformerer, men han vil ikkje at du skal sjå lesarinnlegget


KS-advokat Geir S. Winters har sendt eit lesarinnlegg til Sogn Avis som er lagt bak betalingsmur der berre titelen er synleg: «KS-advokat Geir S. Winters: Sogn Avis desinformerer».

Då Grafen tok kontakt med Winters og spurte om å få publisere innlegget, så ville han ikkje det, fordi han meiner der er uryddig at andre medier publiserer det. Han svarte heller ikkje då Grafen bad han komme med grunngjeving for kva som er uryddig. 

Winters kom i søkjelyset under handtering av erstatningskrav frå tidlegare tilsette i Sogn Barnevern på oppdrag frå Sogndal kommune. Winters har retta grove skuldingar mot pressa.

Les også: Ville ha erstatning, må betala 160.000 kroner i staden