Fodnestunnelen gjev mindre i statskassen


Grafen har fått tal frå fotoboksane i Fodnestunnelen og Lærdalstunnelen, som er dei einaste strekningane med automatisk trafikkontroll i Indre Sogn. Fotoboksane i Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen har vore ute av drift i fleire år på grunn av tunneloppgradering.

Her er utrykningspolitiet sine tal for 2019:

Tal førarkortbeslag inngår i talet for anmeldelsar. Andre forhold som anmeldelse er bl.a. tap av førarrett pga. 8 eller fleire prikkar, køyring med ugyldig førarkort, stjålne kjøretøy, stjålne/falske skilt, og dei som ikkje vedtek tilbod om forenkla førelegg. Grafikk: Utrykningspolitiet/Grafen.

Meir enn halvering sidan i fjor

Foråret viser dobbelt så mange førelegg som i 2019 for Fodnestunnelen og Lærdalstunnelen. Grafikken viser overtredelser for heile Vestlandet i 2018. Grafikk: Utrykningspolitiet/Grafen.

Samanlikna med fjoråret var det 800 førelegg i Fodnestunnelen i nordgåande retning [mot ferjekaien, red. anm.] mot «berre» 282 førelegg i 2019.

I den andre retninga var det 557 mot 205 i 2019. Dette viser meir enn halvering.

For Lærdalstunnelen som har gjennomsnittsmåling var det same trend:

I 2018 var det 136 førelegg i retninga mot Aurland mot 51 i 2019. I retninga mot Lærdal vart det skrive ut 138 mot 56 førelegg i 2019.

Einingsleiar i utrykningspolitiet sitt ATK-senter, Vivi-Ann Haukås, seier til Grafen at politiet og vegvesenet har ein felles målsetnad og samarbeider om å redusera tal trafikkulukker med hardt skadde og drepte.

Haukås meiner at automatisk trafikkontroll (ATK) er eitt av tiltaka som oppfyller null-visjonen om ingen skadde eller drepte i trafikken, og gjer samtidig vegane trygge for alle trafikantar.

– Slutt på «kvittering» ved høg fart

I dei gamle fotoboksane fekk sjåførar ofte ein kraftig blink ved høg fart. No er det ikkje nødvendigvis slik lenger. Trafikkordinator Ola Akselberg i Hordaland politidistrikt har tidlegare sagt til Grafen at lyset på fotoboksane er forandra dei siste åra:

– Etterkvart som fotoboksane vert oppgradert går dei over frå blits til infraraudt lys. Det betyr at du må sjå på fotoboksen om du skal få med deg at du er «blinka», sa Akselberg.