Jusprofessor: Kan stilla spørsmål ved praksisen med konstituerte dommarar


I slutten av oktober vart det kjent at NAV bevisst hadde brukt EØS-lovverket feil i saker om arbeidsavklaringspengar, sjukepengar og pleiepengar.

Redaktør i Resett sa i kommentar til eiga nettavis den gang at det er altfor tette band mellom dommarar, påtalemakta og advokatar.

Han meinte at dei alle saman er kollegaer og at dei flyttar frå den eine til den andre sida av bordet, og at det burde vera straffbart å idømma uskyldige mennesker fengselsstraff så lenge det har skjedd på grunna av eigen tenesteforsømmelse.

Les også: Lurås: – Må sjå på om påtalemakta og dommarar har straffansvar i NAV-skandalen

Professor ved Universitet i Oslo, Hans Petter Graver, seier til Grafen at han ikkje er einig i dette, og at det er ingen land i den vestlege rettstradisjonen som brukar straff på dommarar for dommar dei avseier.

– Det er grunnleggjande at ein dommar skal avgjere ei sak ut frå det som kjem fram i saka, utan å måtte frykta sanksjonar frå partar eller samfunnet hvis han dømmar i den eine eller den andre retning.

– Hvis ein fråviker dette, så undergrev ein heile systemet med uavhengige dommarar som rettsstaten kviler på, seier Graver.

Han viser til ein artikkel han skreiv i 2016 «Judging without Impunity: On the Criminal Responsibility of Authoritarian Judges«.

Eit eksempel han viser til er den ukrainske revolusjonen i 2014 der domstolane hjalp styresmaktene med å slå ned på demonstrasjonane. Etter fallet til ukrainas tidlegare president Viktor Janukovytsj, ville fleire halde dommarane ansvarlege for undertrykkelse av demonstrantar. I tida etter vart fleire dommarar dømde og straffa.

Grafen viste til at folk skiftar side frå den eine til den andre sida av bordet her i Noreg. Eit eksempel som ofte går att er politiadvokatar som går frå å vera det, til å bli dommarar dagen etter. Så er dei dommarar nokre månader, før dei er tilbake som politiadvokat.

Hans Petter Graver seier at ein prinsipielt kan stilla spørsmål ved praksisen, men at det neppe er heilt til å unngå at nokon vert konstituert som dommar i ein kortare periode. Han veit heller ikkje kor stort omfanget er.

Graver seier at vi har dei dommarane vi har, og at de ikkje vert meir uavhengige av trugsmål om straffansvar.

Han vil også føye til at han generelt sett trur at norske dommarar er uavhengige og uhilda i si verksemd.