Lurås: – Må sjå på om påtalemakta og dommarar har straffansvar i NAV-skandalen


I slutten av oktober vart det kjent at NAV bevisst hadde brukt EØS-lovverket feil i saker om arbeidsavklaringspengar (AAP), sjukepengar og pleiepengar. Over 50 personar er feilaktig dømt for trygdesvindel, dei fleste til fengsel.

Redaktør i Resett seier i kommentar til eiga nettavis at det er altfor tette band mellom dommarar, påtalemakta og advokatar. Han meiner dei alle saman er kollegaer og at dei flyttar frå den eine til den andre sida av bordet.

– Advokatar veit at viss dei går for ærlig til verks ovanfor udugelegskap eller feildømming hjå påtalemakta eller dommarar kan dei bli utsett for sanksjonar i seinare saker. Difor let dei berre saker som dei veit er feildømt bli liggjande utan å lage bråk.

Viggo Kristiansen

Han trekkjer fram Baneheia-saken til Viggo Kristiansen og stiller spørsmål om kor ille det ikkje er at folk vert feilaktig dømt for drap:

– Vi veit det har skjedd før. Men i saka til Viggo Kristiansen har altså Gjenopptakingskommisjonen avslått saka gjentekne ganger. Er dei redde for noko? ønskjer dei å beskytte systemet og avdekke så få feil som mogleg? spør Lurås.

Han viser til at Noreg nyleg vart dømt i Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg i saker knytt til barnevernet. Eit drøss saker ventar i tillegg på handsaming.

I tillegg er det mange mennesker som i årevis har varsla om det dei meinar er maktovergrep i barnevernet.

Lurås seier at verken advokatar eller medier klarar hjelpe desse menneskene og stoppe desse og andre overgrep.

– Dei fleste av oss vil stoppe opp og lukke augene når vi får vurdert kostnadane for oss sjølv ved å engasjere seg.

Dommarstanden er ikkje kompetent

Lurås meiner at dommarstanden i Noreg ikkje er kompetent til å dømma i alle saker. Det som er avdekt med urettmessig straff i NAV-skandalen bør vera ein vekkjar for alle ledd i rettsprosessane:

– I nokre tilfelle kan vi folkeleg seie at dei ikkje har peiling. Men likevel utseier dei dommar over mennesker og forseglar deire skjebne, og dei gjer det med opphøga arroganse.

– Det er påtalemakta, dommarar, høgsterett, advokatar og NAV som bærer det største ansvaret. Ein burde sett på om påtalemakta og dommarar faktisk har eit straffansvar i denne skandalen.

– Det burde vera straffbart å idømma uskyldige mennesker fengselsstraff så lenge det har skjedd på grunn av eigen tenesteforsømmelse, seier Lurås.

Alliansen-leiar Hans Jørgen Lysglimt Johansen seier til Grafen at det er heile samfunnsstrukturen som er problematisk. Foto: Privat.

Alliansen-leiar, Hans Jørgen Lysglimt Johansen, seier til Grafen at det er heile samfunnsstrukturen som er problematisk:

Lurås påpeikar at det går djupare, men eg vil seie det går enno djupare seier Lysglimt.

– Det er heile samfunnsstrukturen som er problematisk. NAV-reglane vert grunngjeve med at NAVarar ikkje skal kunne reise til Spania og heve trygd. Men kvifor ikkje det? Spesielt om dette, i relativt korte periodar, gjer dei medisinsk betre?

Han meiner det er ein slags straffetanke bak det heile, at ein skal lida seg gjennom traustheita og trøysteslausa i Noreg.

Professor ved UiO, Hans Petter Graver, sa til Morgenbladet at handsaminga av NAV-sakene ikkje er beroligande:

– I ei lang rekkje saker har politiet og påtalemakta teke ut tiltale utan spørsmål. Dommarar har dømt og ilagt fengselsstraff langt ut over det bagatellmessige.

– Det er rettsapparatets oppgåve å handheve forvaltninga sine vedtak. Men det er også ei oppgåve å føra kontroll. Kravet til lovgrunnlag for forvaltninga sine avgjerder er grunnlovsfesta, det same er kravet om at ingen kan dømmast utan etter lov og straffast utan etter dom. Det er først og fremst domstolane sitt ansvar å sikre dette, skriv Graver.

I følgje juristen Marius Reikerås har Den europeiske menneskerettsdomstolen konkludert med at domstolane i Noreg legg utdaterte rapportar til grunn for å byggje opp under konklusjonane sine, og diktar opp faktum for å få det til å det til å passa inn i det offentlege sitt verkelegheitsbilete, og at det ukritisk får passera i rettssystemet.