Finanstilsynet: – Veit ikkje om informasjon vert delt med styresmakter i utlandet


I september tok fleire bankar kontakt med kundane sine med krav om ny legitimasjon.

Sparebanken Sogn og Fjordane sendte ein SMS med beskjed om at banken ville sprerre bankkontoen til kundar som ikkje har levert pass til dei innan 1. november.

Direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, sa til Grafen den gang at SMS-en var sendt grunna innstramming av regelverket frå myndigheitene. Han sa også at banken ikkje tek pengane til kundar som ikkje legitimerer seg.

Derimot må kundane visa pass til banken om dei skal ha tilgang til eigne pengar.

Les også: Han vil sperre bankkontoen din om du ikkje legitimerer deg

Grafen har spurt Sparebanken Sogn og Fjordane og Finanstilsynet fleire spørsmål om kva passa skal brukast til, kor lenge dei vert lagra, og kva organisasjonar i Noreg og utlandet (både sivile og militære) som får tilgang til informasjonen.

Verken Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane eller Finanstilsynet har kunne gje tydelege svar på kven som får utlevert informasjon. 

Senior kommunikasjonsrådgiver i Finanstilsynet, Jo Singstad, seier til Grafen at passet utgjer gyldig legitimasjon jf. kvitvaskingslova § 12 og § 13 for å stadfesta identiteten til kunden.

Han presiserer også at alle personopplysningar, herunder kopi av ID, vert sletta fem år etter at kundeforholdet har opphøyrt.

Kva organisasjonar i Noreg eller i utlandet som kan få tilgang på informasjonen veit ikkje tilsynet:

– Det er i utgangspunkt kun banken som har tilgang til informasjonen. Finanstilsynet kan også krevje informasjonen utlevert i forbindelse med tilsynet. Elles har ikkje Finanstilsynet noko fullstendig oversyn over alle myndigheiter som har heimel til å krevje informasjonen utlevert frå bankar, og vilkåra for slike heimlar, seier Singstad.

Om styresmakter i utlandet seier Singastad at dei ikkje har oversyn over mulig adgang til å dele informasjonen med styresmakter i andre land, og kva vilkår som gjeld.

Direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, viser til teieplikt og at informasjon vert frigjeve etter pålegg frå politiet, men vil ikkje seie til Grafen om banken krev domstolskontroll for kvar utlevering.

Foto: Norges Bank.