I går ettermiddag sendte Sparebanken Sogn og Fjordane ut SMS til kundane sine med beskjed om at dei treng ny legitimasjon.
Når ein trykkjer på koplinga i SMS-meldinga får ein beskjed om at banken vil sperre bankkontoen din om dei ikkje har motteke slik legitimasjon innan 1. november i år.
Grafen tok kontakt med direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, for nærare forklaring. Han seier til Grafen at SMS-en er sendt grunna innstramming av regelverket frå myndigheitene knytta til krav om legitimasjon, og at dette treff alle bankar i Noreg.
Teigene legg til at banken ikkje tek pengane til kundar som ikkje legitimerer seg innan november.
Derimot må du visa fram pass til banken om du skal ha tilgang til eigne pengar.
Hevdar kontantar er viktig
Interesseorganisasjonen Ja til kontanter har også registrert innskjerpinga og kravet til legitimasjon. På Facebook-sida skriv ein ein brukar:
– «Dette er regjeringens måte og tvangsinnføre det kontantfrie samfunn på»
og ein annan:
– «Har ei fransk venninne som har konto i Norge som er blitt sperret av banken pga at hun må komme med passet sitt.siden hun ikke kommer inn på kontoen har hun ikke penger til flybillett»
og:
– «Jeg opplevde at jeg måtte dra til en annen filial seks mil unna, da lokal filialen ikke kunne hjelpe meg med å registrere mitt pass, de hadde ikke nødvendig utstyr til å gjøre det sa de»
Ja til kontanter hevdar at kontantar er viktig for det norske samfunnet og at hvis dei vert fjerna vil det gå ut over omsynet til personvern, dei eldre og barns forståing av pengane sin verdi.
I tillegg fremheld organisasjonen at kontantar er naudsynt sekundærløysing så lenge kortterminalar og liknande kan slutte å fungere. Difor meinar organisasjoen at kontantar må behaldast av omsyn til samfunnstryggleik.
Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane seier til Grafen at dei har ingen indikasjon på at innstramminga i regelverket fører til aka bruk av kontantar i deira bank.