Distrikts- og bompengeopprør


Kommune- og fylkestingvalet har vorte eit distrikts- og bompengeopprør der Senterpartiet og Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB) vart dei store vinnarane.

Arbeidarpartiet gjorde eit historisk dårleg val og ein må attende til 1921 for å finna dårlegare resultat. Også styringspartiet Høgre går attende, men langt frå så mykje som Arbeidarpartiet.

Senterpartiet har vunne mykje på distriktsopprøret. I nye Sogndal er resultatet heile 43,2 % – ein framgang på 15,7 %. Arbeidarpartiet gjekk tilbake 15,1 % og har mista veljarar som følgje kupping og alvorlege problem i Sogndal kommune.

I Bergen er bompengepartiet nesten like store som Arbeidarpartiet og for Vestland-fylke får dei 9 %.

Arnstein Menes (Sp) frå Balestrand vert ordførar i nye Sogndal. Han var varaordførar i Balestrand frå 2011-2015 og har vore i fylkestinget. Til dagleg arbeidar han som opptaksleiar ved Høgskulen på Vestlandet.

Kven som vert varaordførar i nye Sogndal er usikkert, men posten står mellom Vibeke Johnsen (SV) eller Trude Risnes (V).

Foto: Grafen.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.