Nettavisens sjefredaktør: Eit skammeleg angrep på fri journalistikk


– Det viktige med WikiLeaks er ikkje mulige feil i publiseringa, men dei graverande og hemmelege forholda som vart avslørt. Det er ein klassisk strategi å skyte bodbringaren for å få merksemda vekk frå den ubehagelege bodskapen, skriv sjefredaktør i Nettavisen, Gunnar Stavrum.

Han gjev støtte til professor emeritus Rune Ottosen, som er nestleiar i norske PEN og sluttar seg til kravet om å  hindre utlevering av Assange frå Storbritannia til USA, der han risikerer 175 år i fengsel.

Nettavisa Steigan skriv at det er grunn til å merke seg at Stavrum av alle her tek prinsipiell stilling for ytringsfridom og pressefridom, i motsetnad til Harald Stanghelle i Aftenposten, som nytta anledinga til å gå til bakholdsangrep på Assange.

Les også: Arrestasjonen av Julian Assange er ein hevnaksjon frå USAs regjering

Omdefinerer menneske og slik ta frå dei rettar

I følgje Stavrum er tiltalen mot Assange oppsiktsvekkjande fordi den ikkje berre går på medverknad til lovbrot for å ha skaffa dokumenta, men også for publisering. Det amerikanske justisdepartementet nektar for at det er innskrenking av ytringsfridom fordi Assange etter deira meining ikkje er journalist.

Ein lesar skriv i kommentarfeltet til Resett at «det er ein lang og vond tradisjon for å omdefinere menneske og slik ta frå dei rettar». Frå Hitlers «untermensch» til Bush «ulovleg stridande, og vidare til Clintons «basket of deplorables».

– Alle bør ha interesse av at grupper og enkeltmenneske ikkje vert dehumanisert eller omdefinert for å grunngje å handsame dei dårlegare enn det som rett er, skriv han.

New York Times har også gjort stort oppslag om saka:

Jameel Jaffer ved Columbia University seier i kommentar til avisa at anklagene går direkte på handlingar som undersøkjande journalistar gjer kvar einaste dag, og er eit frontalangrep på pressefridommen.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.