Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås distanserer seg frå boikottkampanjen mot Resett


Dei siste vekene har det vore storm rundt Resett.no etter ein Twitter-kampanje for å få annonsørar til å boikotte nettavisa. Venstre-politikaren Sveinung Rotevatn ringte sjølv til annonsørar.

Statsministerens kontor har derimot distansert seg frå oppmodingane til Rotevatn.

Fritt Ord-redaktør Knut Olav Åmås seier til Klasseskampen i dag at han aldri stør boikottar som har med kunst, kultur og medier å gjera.

Han får støtte frå medieekspert Trygve Aas Olsen ved Institutt for journalistikk:

– Resett står att utan ei einaste annonse etter Twitter-kampanjen. Neste gang kan det vera venstresida som vert råka, åtvarar Olsen, i kommentar til Klassekampen.

Han meiner Twitter-kampanjen er ein politisk kamp av den uheldige sorten.

– Skal vi ha fri meiningsutveksling, må vi bekjempe synspunkt vi er ueinige i med betre argument. Eg likar ikkje at det vert brukt økonomisk krigføring seier han.

Han legg til at når krefter på venstresida held på slik, opnar dei for ein form for aktivisme som i neste omgang kan råke dei sjølv.

– Dei som boikottar legitimerer ein form for kamp som gjer at dei sjølv kan verte boikotta i neste omgang. Då nyttar det ikkje å rope om ytringsfridom.