Rotevatn: – Ville råka Steigan.no hvis han kunne


Den kontroversielle Venstre-politikaren Sveinung Rotevatn har ringt rundt til annonsørar og oppmoda dei til å svarteliste nettavisa Resett.no.

Handlingane til Rotevatn har skapt sterke reaksjonar i kommentarfelt både hjå alternative og etablerte medier. Dette fordi Rotevatn sit i regjering som statssekretær for Ola Elvestuen.

Resetts redaksjonssjef Lars Akerhasug seier i kommentar i dag at det er ein farleg utvikling om politikarar skal definere kva som er journalistikk. Han viser til at mange tykkjer det er utidig at ein person knytt til regjeringsapparatet går ut mot eit frittståande medium.

Rotevan undergrev den norske samfunnsmodellen

Då nokre Frp-politikarar tok avstand frå nettavisene iTromsø, Aftenposten og Tønsberg blad uttalte Abid Raja (V) seg slik: «Slike boikotter undergraver den norske samfunnsmodellen og samfunnsstrukturen. Det er unorsk. Hvis alle hadde gjort som dem, hvordan ville Norge vært da? De burde være rollemodeller. Stortingspolitikere bør gå foran. Bygge samfunn, verdsette kritisk presse – ikke undergrave den norske ytringsfriheten og samfunnsstrukturen.»

Redaksjonssjef i Resett spør om Rotevatn no får same beskjed frå partivennene sine i Venstre.

I strid med «Vær varsom-plakaten»

Rotevatn skriv på mikrobloggen Twitter at han ville råka Steigan.no hvis han kunne:

– Statssekretæren frå det påstått liberale partiet Venstre vil altså knesetje annonsørmakt som eit gjengs og akseptabelt virkemiddel mot journalistikk og politikk ein ikkje likar, skriv Steigan.no.

Han viser til den klassiske boka til Noam Chomsky og Edward S. Herman «Manufacturing consent». Der forfattarane omtalar «fem filter»  eller kontrollmekanismar som styrer det redaksjonelle arbeidet for og skape oppslutnad. Eit av filtera er annonsørmakt.

Medier som aksepterer dette handlar i stird med «Vær varsom»-plakaten punkt 2.8 som heiter: «Kommersielle interesser skal ikke ha innflytelse på journalistisk virksomhet, innhold eller presentasjon».