Sjekk rutinane for sovetryggleik i din barnehage


Grafen har laga eit oversyn som viser kva barnehagar i Indre Sogn gjer for å ivareta tryggleiken til barn som søv. Barnehagane har fått høve til å gje eigen omtale av rutinar.

Svara viser at det er store forskjellar, sjølv innanfor kommunegrenser. Seksjonsleiar Marianne Svege hjå Fylkesmannen på Vestlandet seier til Grafen at det er barnehageeigar som har ansvaret for at barnehagen vert driven i samsvar med gjeldande regelverk. Kommunen skal gje rettleiing og sjå til at barnehagar vert drive i samsvar med barnehagelova og føresegner, samt føra tilsyn.

Dei fleste barnehagane gav raskt og presist svar. Spørsmål om rutinar i høve soving er lett å svare på om ein har etablert slike. Nokre barnehagar let vere å svare, tross purring. Dette kan bety at dei manglar rutinar eller ikkje forheld seg til lovverket.

Her er svara frå barnehagane:

Sogndal kommune

Kjørnes barnehage

Ein voksen oppheld seg i rommet til alle ungane har sovna. For dei ungane som søv i vogn ute i vognstall, har vi «babycall», ein voksen har tilsyn med borna medan dei søv. Den personen har også ansvar for å ta dei opp etter kvart som dei vaknar.

Kyrkjebakken barnehage

Nokre barn søv inne i seng og nokon ute i vogn . Vognene står rett utafor dør/glas, det er ope ut slik at dei høyrer og ser. Ein vaksen på kvar av småbarnsavdelingane har ansvar for på si vakt å høyre/ sjå etter dei som søv.

Notsete barnehage

Alle søv ute i eigne vogner, brukar baby- call og har kontinuerleg og hyppig tilsyn. Avd. Trudvang (som er lagt under Notsete barnehage):  Alle søv inne med sovevakt.

Furuli barnehage

Nokre ligg på madrasser inne, og nokre ute i eigne vogner rett utanfor vindauge frå lesekroken der det sit vaksne og har tilsyn – foreldra bestemmer om barnet skal vere fastbunde med selar. Vindauga ut står ope på gløtt, og der er babycall. Inne sit ein voksen med borna.

Fjærland barnehage

Nokre born søv ute i vogner fastbundne med selar etter avtale med foreldre. Babycall og jevnleg og hyppig tilsyn. Nokre søv inne i vogn.

Stedje barnehage

Nokre barn søv inne i madrasser på golvet der det alltid er folk til stades, og nokon ute i vogn med babycall og jevnleg og hyppig tilsyn.

Rones barnehage

I Rones barnehage jobbar vi kontinuerleg med HMS, og har jamleg  gjennomgang av rutinar innan sikkerheit og HMS. Gjennom HMS rutinar og oppfølging har vi fokus på sikkerheit til barn og personale. I internkontrollsystemet som bygger på PBL sitt HMS system utvikla for barnehage, har vi beredskap og rutinar for ulike situasjonar og hendelsar.

Barn som søv i vogner ute. For barn som sover i vogner blir det sjekka at vogner, poser og seler er i god stand, og greie og leggja barna  i og at det ikkje er selar, stropper og liknande som barna kan skade seg på medan dei ligg i vognene. Foreldre må og sjekka at alt er i orden.

Våre rutinar i høve barn som søv er: Jamleg sjekke barna som søv, skjema/sovevakt. Har vindauge frå opphaldsrom til soveplass. Babycal på soverommet/ute. Vi vurderer å få montert kamera der vognene står ute som eit tillegg til gjeldande rutinar.

Sogndal studentbarnehage

I samband med ulykka som skjedde i Bergen for ei kort tid tilbake har studentsamskipnaden på vestlandet gjort nokre endringar i rutinane rundt soving. Det som er gjeldande for Sogndal studentbarnehage, som er ein av studentsamskipnaden på vestlandet sine barnehagar, er: Det skal være sovevakt tilstede ved vognsoving ute. Sovevakten skal plassere seg slik at den kan se og høre om det skjer noe i og rundt vognene. Dersom det ikke er mulig med sovevakt nær vognen(e), skal vognen(e) tas inn i rom der ansatte oppholder seg og passer på. Barn som sover skal sjekkes minimum hvert 5.minutt.

Ylvisåker barnehage

Her er eit lite utdrag frå Ylvisåker barnehage sine rutiner knytta til soving: «I Ylvisåker barnehage sover i hovudsak borna ute i vogner. Vognene står i eit eiget vognskur, som heng saman med hovudbygning. I den tida det er born som sover, er det til ein kvar tid ein vaksen til stades i skuret, som aldri forlet skuret. Vedkommande kommuniserar med avdelingane med ein Walkie Talkie. Den vaksne sirkulerer i rommet, og kontrollerer kvar einskild vogn/born. På denne måten vil vi til ein kvar tid ha god kontroll og oversikt over dei borna som sover».

Luster kommune

Gaupne barnehage

Me er god kontroll på våre soverutinar, og har hatt det i fleire år. Med td sovevakt.

Jostedal oppvekstsenter

Babycall, personal som har pause har oppsyn med soveområdet til ei kvar tid (m/sjekkliste). Borna søv i vogn, og er då fastspent med selene i vogna.

Solvorn oppvekstsenter

Når barna vert lagt i vogna ,vert babycall sjekka at den fungerer, og ein i personalet har den med seg. Personalet er ute att etter ei stund og sjekkar om alle er somna og sjekkar babycallen. Under soving er personalet også ute og sjekkar at alt er ok. Om nokon ikkje er somna ,står ein vaksen der til alle er somna.

Leikanger

Henjahaugane barnehage

Vi har sovevaktar når barna søv.

Nybø barnehage

Vi har og har hatt sovevakt i mange år.

Askedalen barnehage

Styrar i barnehagen, Hilde Valvik Menes, har ikkje ville gje tydeleg svar på om dei har rutinar eller ikkje, men omgår i staden spørsmålet. Menes ville også at barnehagen ikkje skulle omtalast.