Statsadvokaten har lagt vekk saka mot varabrannsjef i Sogn brann og redning, Olaf Mørch. Det var Mørch som i fjor køyrde tankbilen i den tragiske ulukka på Lomelde i Sogndal, der 48 år gamle Svein Flåten omkom.

Gitta Barth er familien sin bistandsadvokat og melde føraren, men politiet la åtte månader seinare vekk saka med «manglande bevis» som grunngjeving. I følgje kjelder har det lokale politiet lagt sjåføren si forklaring til grunn, saman med forklaringa til eit vitne Grafen ikkje kjenner identiteten til.

Barth påklaga vedtaket til Riksadvokaten. I følgje rådgjevar Mie Skarpaas hjå Riksadvokaten har ikkje Statsadvokaten sendt klagen dit enno.

– Bistandsadvokat kjent med rapporten gjennom media

Grafen var første medium som fekk tilgang på rapporten frå ulukka, og vart sitert av Sogn Avis, Porten og Nrk. Familien sin bistandsadvokat vart først kjend med rapporten gjennom media.

Undersøkingar Grafen har gjort viser at vegtrafikklova § 3 gjeld køyring under utrykning. I eksempelsaker har påtalemakta mellom anna lagt vekt på at «bakgrunnen for utrykningskøyringa ikkje stod i forhold til risikoen for eit uhell». I ulukka på Lomelde var det utrykning til bråtebrann. Statsadvokaten har ikkje ville svare Grafen på kritiske spørsmål.

Hans Olav Hellesøe som er leiar for ulukkesanalysegruppa til Statens vegvesen har ovanfor Grafen sagt at verken han sjølv eller andre personar i ulukkesgruppa kjenner varabrannsjefen.

Grafen veljer offentleggjera namnet av omsyn til ålmenta då Mørch innehar ei høg stilling, og eit stort kontaktnett inn mot det lokale politiet i Sogndal. Han er også tidlegare brannsjef i Masfjorden.

Grafen møtte på fleire problem under innsyn i saka. Utover trenering opplevde vi granskarar hjå Statens vegvesen som påstår det ikkje er klagerett på avslegne innsynsbegjæringar.

Grafen har gjort advokat Anette Vangsnes Askevold kjent med at vi offentleggjer Mørchs namn og gjeve tilbod om å komma med kommentar, men både Askevold og Mørch har avstått dette.

Har du tips eller informasjon til saka? tips@grafen.media

Sjå òg https://www.facebook.com/grafenmed/posts/368753157246061

Foto: Grafen.