Det er leiar av NAV Lillesand, Kristin Hognestad (51), som har gjort ulovleg journalsnoking og skaffa seg personopplysningar ho ikke har rett på.
Det er NAV Aust-Agder som i eigen intern kontroll har avdekt journalsnoking, og funne ut at fire leiarar i NAV har dreve med ulovleg snoking. To av desse er avdelingsleiarar, og ein leiar. Leiaren er Kristin Hognestad.
Ein tidlegare leiar som har dreve journalsnoking har slutta.
I følgje NAV risikerer Hognestad avskjed for ugjerninga. Årsaka er at urettmessige oppslag fører til mistilit, og at brukarar må kjenne seg trygge på at opplysningar i NAV-systemet vert handsma på ein betryggande måte.
Frå tidlegare er det kjent at seksjonssjef ved NAVs juridiske seksjon, Inger Reidun Mikalsen, hadde snoka i kjendisar og naboar. I alt hadde Mikalsen gjort over 180 ulovlege oppslag. Les meir om den saka her.
Dokument i saka
Grafen har fått tilgang på dokument i saka. Det er Beate Berntsen som har svart på innsynsbegjæringen. Dokumenta viser at Hognestad fortsatt arbeider ved NAV Lillesand.