Den kontroversielle Sogndal-rådmannen Jostein Aanestad hyra inn kjendisadvokat til 100 000 kroner for å skriva klage til PFU.
Sogndal kommune har dei siste fem-seks åra fått mykje kritikk for dårleg leiing og manglar i Sogn Barnevern. Dette er støtta av funn og ei rekkje pålegg frå Arbeidstilsynet.
– Som svar på kritikken har rådmannen engasjert kjendisadvokat for å prøva leita etter argument til pressa sitt faglege utval (PFU), med føremål å få Sogn Avis dømd for «brot på god presseskikk».
Slit med argumentasjonen
Den kontroversielle rådmannen har sett seg grundig lei på kritikk i lokalavisa, men har samstudes ikkje greidd å komma på argumentasjon som talar for brot på god presseskikk.
I mangel på råd engasjerte han kjendisadvokaten Jon Wessel-Aas, og har betalt han i følgje kjelder, rundt 100 000 kroner for å leita fram syltynne argument, som neppe står seg i PFU.
Wessel-Aas seier til magasinet her på SMS at han bistod kommunen med klagen, men ønskjer ikkje kommentera utover det.
Nedanfor er klagen som kosta innbyggjarane og skattebetalarane 100 000 kroner:
Vil neppe vinne fram
PFU har tidlegare til magasinet her sagt at skriveriar som «leiarar» er meiningsbærande innhald, og at eventuelle motpartar har høve til svara med debattinnlegg.
Skulle Wessel-Aas vinna fram med kjendisstatusen vil det få følgjer for alle aviser som skriv meiningsbærande innhald på leiarplass.
Sjansane er derimot ørsmå.