Hyra inn kjendisadvokat for å leite etter argumentasjon

    Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

    Den kontroversielle Sogndal-rådmannen Jostein Aanestad hyra inn kjendisadvokat til 100 000 kroner for å skriva klage til PFU.

    Sogndal kommune har dei siste fem-seks åra fått mykje kritikk for dårleg leiing og manglar i Sogn Barnevern. Dette er støtta av funn og ei rekkje pålegg frå Arbeidstilsynet.

    – Som svar på kritikken har rådmannen engasjert kjendisadvokat for å prøva leita etter argument til pressa sitt faglege utval (PFU), med føremål å få Sogn Avis dømd for «brot på god presseskikk».

    Slit med argumentasjonen

    Den kontroversielle rådmannen har sett seg grundig lei på kritikk i lokalavisa, men har samstudes ikkje greidd å komma på argumentasjon som talar for brot på god presseskikk.

    I mangel på råd engasjerte han kjendisadvokaten Jon Wessel-Aas, og har betalt han i følgje kjelder, rundt 100 000 kroner for å leita fram syltynne argument, som neppe står seg i PFU.

    Wessel-Aas seier til magasinet her på SMS at han bistod kommunen med klagen, men ønskjer ikkje kommentera utover det.

    Nedanfor er klagen som kosta innbyggjarane og skattebetalarane 100 000 kroner:

    Last ned dokument

    Vil neppe vinne fram

    PFU har tidlegare til magasinet her sagt at skriveriar som «leiarar» er meiningsbærande innhald, og at eventuelle motpartar har høve til svara med debattinnlegg.

    Skulle Wessel-Aas vinna fram med kjendisstatusen vil det få følgjer for alle aviser som skriv meiningsbærande innhald på leiarplass.

    Sjansane er derimot ørsmå. 


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.