Slik misbrukte diplomat John Mikal Kvistad offentlege midlar i Iran


Kvistad som misbrukte offentlege midlar i Iran er flytta til rådgjevarstilling i Utanriksdepartementet med over 860 000 kr i årsløn. I den mellombelse stillinga skal han arbeide i seksjon for Russland.

Saka vart først omtala i MSM-mediet VG, her med ein svært anonym og påpynta framstilling.

Bokføring ved ambassaden i Teheran

Nedanfor følgjer bilagskontroll ved den norske ambassaden i Iran. Her kjem det fram fleire klare brot på økonomiregelverket. Dei største innkjøpa er av to luksusbilar som var betalt på forskot kontant med offentlege midlar.

Sjå bilagskontrollen nedanfor:

Last ned dokument

Kvistad vart som følgje brota, av alle ting, internt omplassert til mellombels rådgjevarstilling i seksjon for Russland. Det er ein ganske oppsiktsvekkjande og uvanleg mild reaksjon for misbruk av offentlege midlar.

Frå eit redaksjonelt synspunkt gjev Utanriksdepartementet feil signal når dei «belønnar» slik verksemd med nær millionen i årsløn og fortsatt jobb.

Last ned dokument

Alle dokument

Nedanfor kan du sjå alle dokument i saka.

Last ned alle dokument (ZIP)