Sogndal-rådmann Jostein Aanestad har no fått blod på hendene sine


Ei 13 år gamal jente vart 4. februar funnen daud i senga si. Sogn Barnevern hadde neglisjert tallause oppmodingar frå biologiske foreldre og deira advokat.

Det har vore langvarig svikt i Sogn Barnevern grunna rådmann Jostein Aanestads manglande eigenskapar og evner til å etablere eit forsvarleg arbeidsmiljø. Fleire av dei tilsette har vore sjukmelde på grunn av dette. Arbeidstilsynet varsla tilsyn allereie i 2013, og nytt tilsyn i november 2015 sidan situasjonen ikkje hadde endra seg.

Det er stor risiko for at barn og foreldre ikkje får den hjelpa dei treng.
– Tilsynsrapport om Sogn Barnevern 2014

Fylkesmannen skreiv ein rapport om situasjonen i Sogn Barnevern i juni 2014. Der står det at det er stor risiko for at barn og foreldre ikkje får den hjelpa dei treng. Det kom fram i rapporten at fleire barn ikkje har vorte høyrde om korleis hjelpa dei får fungerer.

I februar 2016 fekk vi sjå resultatet frå Aanestads handtering av situasjonen.

Hemmeleghald av varslingar om dårleg arbeidsmiljø

Grafen bad om innsyn i fleire dokument som gjeld Sogn Barnevern i september 2015. Innsynskravet trenerte Aanestad i heile 134 dagar før oversending til Fylkesmannen. I sitt oversendingsbrev til Fylkesmannen 26.01.2016 skreiv Aanestad at han har fjerna dokumenta det vart bede om innsyn i «etter avtale mellom tilsette og rådmann».

Dette er å presse eigne tilsette til tausheit.

Vi vil aldri få eit godt tenestetilbod med Aanestad som rådmann. Eit dårleg arbeidsmiljø vil halde fram. Han vil hemmeleghalde kritikkverdig informasjon. Han vil fortsetje trenere innsyn.

Dokument

Arbeidstilsynet varsla om tilsyn første gangen i 2013.

https://grafen.media/dok/sbv/20131213_melding_om_tilsyn.pdf

https://grafen.media/dok/sbv/20140218_tilsyn_barnevern.pdf

https://grafen.media/dok/sbv/20140307_tilsyn_barnevern.pdf

https://grafen.media/dok/sbv/20140314_svar_tilsyn.pdf

https://grafen.media/dok/sbv/20140423_diverse_dokument.pdf

https://grafen.media/dok/sbv/20141112_tilsyn_barnevern.pdf

https://grafen.media/dok/sbv/20141210_tilsyn_barnevern.pdf

https://grafen.media/dok/sbv/20151103_melding_om_postalt_tilsyn.pdf

https://grafen.media/dok/sbv/20151118_fristutsetjing_vernetenesta.pdf

https://grafen.media/dok/sbv/20151119_fristutsetjing_sogndal.pdf

https://grafen.media/dok/sbv/20151214_postalt_tilsyn_barnevern.pdf

https://grafen.media/dok/sbv/20151214_vernetenesta_vurdering.pdf

https://grafen.media/dok/sbv/20160108_tilsynsrapport.pdf