– Stod som eit rådyr som plutseleg vart fanga av frontlyktene til ein bil


I følgje NTB lagra PST mobildata utan lov i over eitt år ved å setja opp falske basestasjonar for å trena på overvaking i Oslo.

Det var Aftenposten i 2014 som klarte å påvise IMSI-catchere rundt sentrale bygningar i hovudstaden, der blant regjeringskontor og Storting. Spionutstyret kunne overvaka bevegelsar til politikarar, embedsfolk og vanlege folk i området.

Overvakinga skjer ved å skru opp signalstyrken for å lokke mobiltelefonar i nærleiken til å kople seg til den falske basestasjonen. Slik overvaking skal etter straffelova kun skje når politiet har grunn til å mistenkje alvorleg kriminalitet.

Tilbake i 2014 sa PST-sjef Benedicte Bjørnland at det var vanskeleg å få avdekt om utstyret har vore brukt til ovarvaking av mobiltelefonar i Oslo.

Aftenposten fekk nyleg innsyn i dokument som viser at politiet sjølv hadde sett opp dei falske basestasjonane og lagra mobildata frå tilfeldige brukrarar.

PST-sjef Bjørnland stod som eit rådyr som plutseleg vart fanga av frontlyktene til ein bil. Heilt paralysert.
– Steigan

Ho hadde nemleg hevda at opplysningar om mobilspionasje ikkje var kjent for PST, og sa at mobile basestasjonar var vanskeleg å avdekke. Deretter vart ho teken i løgn.

Steigan viser til Edward Snowdens avsløring:

– På Fort Meade (i USA, journ. amn.) sit folk 24 timar i døgnet og analyserer enorme mengder metadata, og er i stand til å gå heilt ned i den enkeltes mobiltelefon eller nettbankkonto. Snowden fortalte også at det er ein oppmuntring for unge tenestemenn at dei får more seg med å sjå folks nakenbilete.

Det er sannsynleg det er fleire falske basestasjonar rundt om.