Tal frå fotoboksane på Vestlandet


Grafen har fått tal frå alle fotoboksane i Vest politidistrikt for 2018. Den boksen som bidreg mest til statskassen står på E39 Fløyfjellstunnelen retning syd. Den henta om lag 4,4 millionar kroner i fjor.

Flest førarkortbeslag var i Fodnestunnelen i Lærdal kommune retning ferjekaien. Her vart det gjort elleve beslag.

– Slutt på «kvittering» ved høg fart

I dei gamle fotoboksane fekk sjåførar ofte ein kraftig blink ved høg fart. No er det ikkje nødvendigvis slik lenger. Trafikkordinator Ola Akselberg i Hordaland politidistrikt seier til Grafen at lyset på fotoboksane er forandra dei siste åra:

– Etterkvart som fotoboksane vert oppgradert går dei over frå blits til infraraudt lys. Det betyr at du må sjå på fotoboksan om du skal få med deg at du er «blinka» seier Akselberg.

Han legg til at det kjem berre nokre raude prikkar i ein sirkel som kan vera vanskeleg å sjå.

Nedanfor finn du detaljert statistikk:

Overtredelsar heile Vestlandet 2018. Grafikk: Utrykningspolitiet/Grafen.

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.