Fylkesmannen i Sogn og Fjordane – eit juridisk galehus


Mykje tydar på at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane no får ein dask på lanken av Sivilombodsmannen. Fylkesmannen meiner at du ikkje kan krevje elektronisk kopi av eit offentleg dokument i redigerbart format.

Anne_Kristin_Eitungjerde
Anne Kristin Eitungjerde, juridisk sjef ved Fylkesmannen meiner du ikkje skal få redigere dokument frå offentlege organ. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Grafen har fått offentlege dokument i redigerbart format hjå fleire organ. Dette er føremålet til offentleglova. I saka her har Grafen begjært innsyn i eit Excel-dokument med kommunerekneskap. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane meiner at Grafen ikkje skal få det.

Tabba seg ut fleire ganger

Fylkesmannen gjorde i saka ei rekkje tabbar, mellom anna ved å sende ut pressemelding med påstand om at Lærdal kommune ikkje har sendt uriktige opplysningar om økonomisystemet. Noko dei har gjort.

For Fylkesmannen ser saka ut til å handle meir om å forsvare «tabben» enn å syte for at kommunane følgjer lovverket.

Eitungjerde, som er såkalla «juridisk sjef» har lenge hatt moglegheit til å leggje korta på bordet, og gjere om vedtaket. Dette vil ho ikkje.

I staden har ho gått over til ein strategi for trenering. Aller først meinte Eitungjerde det var det «tidkrevjande» å produsere dokumentet i Excel-format. Då dette vart motbevist, så endra Eitungjerde argumentasjonen til følgjande:

Det bør tvert om gå fram av kopien at det er ein kopi, og det bør ikkje vere mogleg å redigere eller manipulere innhaldet i eit dokument som kjem frå eit offentleg organ.
– Anne Kristin Eitungjerde,
juridisk sjef ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Sivilombodsmannen har bede Eidtungjerde svare for dette, og korleis argumentet hamonerer med EØS-avtalens vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF) om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.

Svaret blir interessant.

OPPDATERING:  Som venta fekk Eitungjerde og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane krass kritikk for si tolkning av lovverket, at tolkinga var i strid med gjeldande rett. Fylkesmannen fekk også pålegg om å gjera om vedtaket om avslag. 


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.