Åtvarar mot feilparkeringar på høgfjellet


Bilar som parkerer i vegbanen på riksveg 7 over Hardangervidda skaper problem for brøytemannskap og andre trafikantar.

Statens vegvesen set inn trafikkdirigentar på strekninga mellom Fagerheim og Haugastøl fra i morgon tidleg, i håp om å hindre at trafikken korkar seg fullstendig. Fleire titals parkerte bilar har ført til dårleg framkome i dag, og skapt problem for brøytemannskap og tyngre køyretøy.

Vil sikre framkome

– Dette utfordrar også beredskapen, ved at det kan vere vanskeleg for utrykkingskøyretøy å kome fram, dersom det skulle oppstå eit behov, seier byggherrevakt Svein Fagerlund i Statens vegvesen.

Trafikkdirigentane kan styre trafikken og sikre møteplassar. Vidare kan dei hindre fleire feilparkeringar resten av påskehelga.

Utnytter all kapasitet

Feilparkerte bilar er eit kjent problem i samband med påskeutfarten, men fordi det er lite snø mange stader i år, aukar presset på høgfjellsområda der det framleis er snø. Det ligg også an til bra vêr i store delar av Sør-Noreg resten av påskehelga.

– Eg forstår at mange gjerne vil til fjells, men parkeringskapasiteten er rett og slett avgrensa. Vi har fått spørsmål om kvifor vi ikkje kan brøyte fleire parkeringsplassar, men alt som er av parkeringsplassar langs riksvegane er oppfreste og i bruk, forklarer Svein Fagerlund.

Sjå på alternativ

Han minner også om at folk kan risikere bøter og borttauing av bil.

– Eg trur heller ingen ønskjer at bilen deira skal stå i vegen og hindre ambulanse eller andre nødetatar i å kome fram når nokon treng rask hjelp. Det handlar om å ta omsyn og tenkje seg om. Kanskje må også nokon droppe skituren i helga, og heller nyte påska i låglandet, seier Svein Fagerlund.

Han peikar på at det også er mogleg å reise kollektivt med buss frå Geilo og opp på Hardangervidda.

Les også: Du må ikkje betale for å hente ut bilen om den er taua vekk


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.