Sjå Forsvarsdepartementets instruks om å tillate import av feltrasjoner


Det var i januar USA varsla om færre øvelsar på norsk jord fordi feltrasjonar til styrkane stod fast i tollen. Årsaka til dette var strenge EU-reglar og import av matvarar frå land utanfor EØS-området.

Grafen har som einaste medie i Noreg fått innsyn i dokumenta. Grafen fekk først avslag på grunn av omsyn til nasjonal tryggleik, men fekk i runde to omgjort vedtaket.

I eit brev til Forsvarsdepartementet frå Mattilsynet hevdar mattilsynet at dei ikkje har myndigheit til å gjere unntak frå EØS-avtalen fordi det er ein unntaksbestemmelse i EØS-avtalens artikkel 123, og ber om avklaring korleis denne skal tolkast knytta til dei delane av Mattilsynet sitt regelverk avtalen omfattar.

Dette har vore striden i nesten eitt år.

I sitt brev viser Mattilsynet til risiko for spreiing av smitte og sjukdom som kan vere overførbare til mennesker og dyr, domestiserte dyr og ville i faune, og plantar.

Mattilsynet brukar afrikansk svinepest som eksempel som hadde første påvisning i Europa i 2007. Spreiinga her kom frå russiske militære bevegelsar i Georgia. Afrikansk svinepest er i dag påvist i heile Russland.

Forsvaret har opplyst til Mattilsynet har holdbarheita til feltrasjonane er inntil fem år, og at dei kjem frå eiga produksjonsverksemd. Feltrasjonar er prosessert ganske mykje i from av koking eller hermetisering.

Amerikanske styresmakter hevdar at deira interne kontrollsystem for forlytting av matvarer melllom amerikanske statar er tilnærma ekvivalente med EU-krava, og at det er unødvendig å gjennomføre EUs stenge reglar opp mot feltrasjoner.

Det norske Forsvaret skriv at feltrasjoner er nødvendig utrustning for kvar soldat under øvelse, og alle har med seg rasjoner for minst mellom éin – tre dagar i felt, men også for lengre tidsintervall av gangen.

Mattilsynet er vidare bedt om må tillate import av feltrasjonar utan grensekontroll frå USA, Storbritannia og Canada.