Dette er ein redaksjonell kommentar.
Ikkje mindre enn fire dagar etter at den britiske avisa The Telegraph omtalte Norge som ein sovjetstat, gav førstestatsadvokat Esben Kyhring politiet fullt medhold i at dei kan drite i dine innsynskrav og EØS-avtalen.
Grafen begjærte i mars i fjor – 2024 – innsyn i opplysningar knytta til ei utforkøyring, der ein politibetjent i Sogndal køyrte utanfor vegen og øydelagte bilen for fleire titalls tusen.
Det vart begjært innsyn i personalmappe, siste lønsslipp og namn på politibetjenten – alt er offentlege opplysningar etter offentleglova. Andre land ville gitt innsyn i slike opplysningar raskt.
Vest politidistrikt derimot har tidlegare fått påpakning av EFTAs overvakingsorgan ESA for å ikkje ha behandla innsynskrav i tråd med regelverket. Dette er i dag nærare 10 år sidan.
Då er 10 år gått og ingenting lært, utanom å halde hemmeleg informasjon som kan avdekke kritikkverdige forhold.
Grafen leverte inn anmeldelse på politistasjonssjef i Sogndal, Magne Straumstein, for å ha brote si tjenesteplikt ved å ikkje besvare Grafen sine innsynsbegjæringar – til tross fleire purringar.
Spesialeininga for politisaker la saka vekk meir eller mindre same dag den vart motteken. Dette er i tråd med standard praksis hjå organet som legg vekk nær 100 % av anmeldte saker. Ingen kan forvente at Spesialeininga for politisaker gjer ein seriøs jobb, og det forventa heller ikkje Grafen. Det er meir som ein småkorrupt organisasjon som dei hadde i Sovjetunionen for å beskytte det offentlege mot all slags kritikk.
Riksadvokaten har derimot eit ansvar, men dei tek det ikkje seriøst heller.
Sivilombudet har skreve at retten til innsyn er eit viktig verktøy for å avdekke kritikkverdige forhold i det offentlege. Sivilombudet skriver om frister og krav og har ei lang rekkje uttaler knytt til dette.
Dersom forvaltningens saksbehandlingstid blir for lang, vil ofte innsynskravet miste mye av sin aktualitet og interesse. Kort saksbehandlingstid er også viktig av hensyn til allmennhetens tillit til den offentlige forvaltningen
Sivilombudet
Ikkje berre er saksbehandlingstida lang, Grafen har også mangelfullt avslag på innsyn – dette gav Riksadvokaten blaffen i. Politistasjonssjef i Sogndal, Magne Straumstein, avslo innsyn utan grunngjeving.
Sivilombudet har i sak 2010/2832 og 2021/3211 vist til kravet om grunngjeving og at ei grunngjeving må oppfylle lovas krav. Også dette ser Riksadvokaten ved Esben Kyhring vekk frå og let politiet drite i lova, og gjere som dei vil.
Dagens Norge er som britiske The Telegraph skriver; ein sovjetstat og eit olje- og gassdiktatur. Dette er ikkje mulig å gjere noko med før ein sterk stat, som til dømes USA, legg press på regimets klamme hånd.