Ta studiepoeng i Jon Fosse


No kan du ta eit djupdykk i forfattarskapen til Jon Fosse. Universitetet i Stavanger og Sølvberget samarbeider om ein seminarserie om Jon Fosse sin forfattarskap.

Tre tema står sentralt; fjorden, heimen og melankolien. Seminara er opne for alle. Om du følgjer seminarserien og gjennomfører ein litterær samtale som eksamen, kan du også få studiepoeng i Fosse. 

Det er andre gongen UiS og Sølvberget samarbeider om ei slik seminarrekkje. Interessa og oppslutnaden i fyrste runden var overveldande, fortel studiekoordinator Kristin Henanger Haugen ved Institutt for kultur og språkvitskap.

‒ Det er ingen tvil om at folk er nysgjerrige på, og har stor interesse for, Jon Fosse. Difor er det morosamt og inspirerande å sjå kva me kan få til når gode fagkrefter ved UiS og Sølvberget går saman og løftar kunnskap ut på denne måten. Seminarrekka er tilgjengelig for alle, og kan til og med gje studiepoeng for dei som er ute etter det, fortel Henanger Haugen.

Ho oppmodar om å kontakte universitetet raskt dersom ein er interessert i å ta mikroemnet i Jon Fosse. Sjå nedst i saka for meir informasjon.

Tre førelesingar

Kvart undervisningsmøte vil fungere som ein kombinasjon av tradisjonelle førelesingar og diskusjonar i mindre grupper. Kvart møte vil legge størst vekt på eitt verk, men vil óg hente fleire eksempel frå andre tekstar og sjangrar i forfattarskapen.

I det første møtet vil vi sjå på heimen som tematikk i forfattarskapen til Fosse. Heimen rommar óg tema som vern, relasjonar, familie og kommunikasjon. Forelesinga vil ta utgangspunkt i dramatikken til Fosse, og då særleg dramaet Namnet (1995), som skal lesast i forkant. Vi vil også kome inn på heimen som tema i fleire av Fosse sine teaterstykke, og i lyrikken hans.

I det andre møtet skal vi sjå nærare på sjøen, som speler ei sentral rolle i Fosse sin forfattarskap. Folk er ute i båt for å finne einsemd, for å kjenne kontakt med rytmen i bølgjene – og her kjem dei nokre gonger i kontakt med det verkeleg store som kvelvar seg over tilværet vårt, med døden og Gud. Dette møtet vil ha særleg fokus på romanen Morgon og kveld (2000), som skal lesast i forkant.

I den tredje forelesinga skal vi utforske melankoli som tematikk i Fosse sin forfattarskap. Melankolien kjem til uttrykk som uro, fortviling og galskap, men òg som skaparkraft, skriving og kunst. Forelesinga vil særleg ha fokus på romanen Naustet (1989), som ein skal lese i forkant, men vil også kome inn på melankoli som tema i andre av Fosse sine romanar og i lyrikken hans.

Litterær samtale som eksamen

Om du vel å følge seminarserien som eit studium, får du også vere med på ein litterær samtale med andre kursdeltakarar om Fosse sin forfattarskap og det de har lært og diskutert i seminara. Denne litterære samtalen er faktisk eksamen og gjer at du kan bli blant dei første i verda som får studiepoeng i Jon Fosse.