Stalheimskleivi opna – men berre for gåande


Stalheimskleivi opna laurdag etter 4 års restaurering. Vegen er freda og eitt av Statens vegvesens viktigaste kulturminne.

I tillegg til å restaurera Minesvingen er eit stort arbeid utført med å avdekkja slyngvegens 7-8 meter høge murar.

Statens vegvesen er stolte over arbeidet som er utført på 1800-talets mest spektakulære veganlegg, og ynskjer alle interesserte hjarteleg velkomne.

Den store turistattraksjonen er no open igjen som tilbod for gåande og syklande.