Siste skatteoppgjer før sommaren er sendt ut – neste moglegheit er i august

– Er du blant dei som ikkje har fått skatteoppgjeret ditt enno, får du det tidlegast i slutten av august. Alle får skatteoppgjeret sitt før 1. desember, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten.

95 prosent av lønnstakarar og pensjonistar fekk skatteoppgjeret sitt innan 1. juli. Resten må vente til august. Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått skatteoppgjeret ditt enno.

Over 4,9 millionar lønnstakarar og pensjonistar har allereie fått skatteoppgjeret sitt. Til saman er det utbetalt over 40 milliardar kroner i skatt til gode. Ein del venter framleis på skatteoppgjeret sitt, men nokon må vente lengre enn andre.

– Er du blant dei som ikkje har fått skatteoppgjeret ditt enno, får du det tidlegast i slutten av august. Alle får skatteoppgjeret sitt før 1. desember, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten.

Årsaker til at nokon må vente

Det er ulike årsaker til at nokon må vente for å få skatteoppgjeret sitt. Det kan for eksempel vere at du har ei komplisert skattemelding eller at du er gift med ein som er næringsdrivande.

– Ektefellar får skatteoppgjeret samtidig. Viss du er gift, må du vente til begge sine skattemeldingar er ferdigbehandla, forklarer Gjengedal.

Sjølv om du hadde ukompliserte skatteforhold og var rask med å levere skattemeldinga, er du ikkje garantert eit tidleg skatteoppgjer. Skatteetaten tar mellom anna stikkprøver, som betyr at alle kan bli tatt ut i tilfeldig kontroll. Så snart skattemeldinga til den enkelte er behandla blir det sendt ut skatteoppgjer.

– Vi kan dessverre ikkje svare på kva dato du får skatteoppgjeret ditt. Du får beskjed på e-post eller SMS når det er klart. Har du pengar til gode, blir dei utbetalte når du får beskjed om skatteoppgjeret ditt, seier Gjengedal.

Tal og fakta om skatteoppgjeret

Så langt har over 4,9 millionar lønnsmottakarar og pensjonistar fått skatteoppgjeret sitt. Om lag 3,2 millionar har fått utbetalt til saman 40,3 milliardar kroner, eller rundt 12 600 kroner i gjennomsnitt. Samtidig må nesten 670 000 betale restskatt. I snitt må kvar enkelt betale rundt 30 900 kroner i restskatt.

Betale restskatt

Viss du har fått skatteoppgjeret no i juni og har fått beskjed om at du skal betale restskatt, er fristen for å betale 20. august. Fekk du over 1 000 kroner i restskatt, blir summen delt opp i to fakturaer. Fristen for å betale den første fakturaen er 20. august, og fristen for den andre fakturaen er 24. september.

Om du ikkje har fått skatteoppgjeret ditt enno, er fristen for å betale restskatt 3 veker etter at skatteoppgjeret er klart. Får du over 1 000 kroner i restskatt, blir summen delt opp i to fakturaer, med frist 3 og 8 veker etter at du har fått skatteoppgjeret.

Du må betale restskatten sjølv om du har endra skattemeldinga etter fristen eller du har klaga. Dersom du ikkje betaler restskatten i tide, kjem det i tillegg forseinkingsrenter frå forfall og fram til du betaler.

Du treng ikkje betale restskatt under 100 kroner.