Du må ikkje betale for å hente ut bilen om den er taua vekk


I sommar kan mange oppleve at bilen vert taua vekk etter feilparkering. Her kan du lese kva rettar du har i møte med parkeringsselskap.

– Dei som ønskjer fjerne bilen din kan ikkje gjere dette utan å ha forsøkt varsle deg først. Du skal sjølv få moglegheit til å flytte bilen sjølv, seier Hallgeir Jansen i Statens vegvesen sitt parkeringstilsyn.

Statens vegvesen mottek frå tid til annan henvendelser om at parkeringsselskap eller bilbergarfirma nektar utlevere køyretøy før dei får betalt for tauing og andre kostnader. 

Dette har dei ikkje lov til lenger, og det er viktig å vere klar.

– Ved innføring av parkeringsføresegna i 2017 mista dei rettane til å halde attende køyretøy. Parkeringsselskap og bilbergarfirma pliktar no utlevere køyretøyet ditt utan at du må betale for verken kostnader i høve fjering eller eventuell parkeringsbot, seier Jansen.

Innkreving av slike kostnader må takast i ettertid.

To unntak

Det finst imidlertid to unntak frå bestemmelsen om utlevering. Skuldar du eitt og same selskap over kr 6000,- i ubetalte parkeringsbøter kan køyretøyet haldast attende. 

Det same gjeld også viss køyretøyet er fjerna etter vegtrafikklova og slik fjerning er rekvidert av politiet, kommunen eller Statens vegvesen. 

Møter motstand

Fleire opplever motstand når dei krev køyretøyet utlevert.

– Vi har sett parkeringselskap og bilbergarfirma som viser til forelda regelverk og gamle avgjerder i domstolane. Då kan det vere greitt å kjenne bestemmelsen i føresegna § 40 første ledd, seier Jansen.

Motorvogn som er fjernet, skal etter forespørsel utleveres til eieren eller den som opptrer på vegne av eieren, selv om påløpte fjerningskostnader eller ilagt kontrollsanksjon ikke er betalt.

Den som har bestilt fjerninga, eller den som har fjerna køyretøyet, har begge plikt til å kunne dokumentere kvifor køyretøyet måtte fjernast., for eksempel ved fotobevis. Dei må også legge fram kva heimel dei har nytta for å fjerne køyretøyet. 

Tips parkeringstilsynet

Dei som har opplevd å fått bilen urettmessig fjerna, eller fått den helden tilbake med krav om betaling bør tipse om dette på e-post til  Statens vegvesen sin tipsteneste parkeringstilsynet@vegvesen.no