Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Jonas Gahr Støre (Ap) vil endre straumstøtta til time for time, i staden for at ein snittspris for heile månaden.
Det melder regjeringa om i pressekonferanse onsdag kveld.
Ordninga trer ikkje i kraft før 1. september 2023 viss Stortinget vedtek den. Dei viktigaste endringane blir slik:
- Ordninga med straumstøtte vert forlenga til 31.12.2024.
- Ordninga vert lagt om: I dag vert forbrukarane kompensert på grunnlag av ein gjennomsnittspris for heile månaden. Dette vert endra til kompensasjon time for time.
- Det vert ikkje innført ein makspris på straum.
- Straumstøtta vert auka til 90 % over 70 øre per kilowattime også om sommaren.
- Ordinga for bedriftene vert styrka, slik at fleire skal få støtte. Hovudgrepet med fastprisavtalar ligg fast.
Det er sett av rundt 50 milliardar kroner til støtteordninga i 2023, men kan bli mindre sidan straumprisen er mykje lågare enn den var i fjor haust.
Straumnstøtta vart sterkt kritisert i fjor blant anna fordi den kompenserte på bakgrunn av ein gjennomsnittleg elspotpris for heile månaden i staden for time for time som elspotprisen følgjer. I tillegg vart ikkje kundar med fastprisavtalar kompensert med straumstøtte og fekk rekningar på fleire titalls tusen kroner.