NTNU burde ha nøgd seg med å seie at Eikrem har ytringsfridom og parkert saka der, seier jusprofessor Olav Torvund


Jusprofessor Olav Torvund sa i kommentar til nettstaden Khrono fredag at Eikrem-saken står som ein stor skamplett for NTNU:

– NTNU burde ha nøgd seg med å seie at Eikrem har ytringsfridom, og parkert saka der. Då hadde den sannsynlegvis vore gløymt for lenge sidan.

– Eg forsvarar ikkje det Eikrem påstås å ha sagt, men retten til å seie det, sa professoren.

Det er NTNU-rektor Anne Borg som har innstilt at førsteamanuensis ved Institutt for sosialt arbeid Øyvind Eikrem skal få avskjed frå stillinga si. Avskjedssaka skal opp for styret førstkommande onsdag. 

Jusprofessor Olav Torvund er sjokkert over korleis NTNU har handsama saka.

Lot seg intervjue – vart truga med avskjed

Det heile starta med eit intervju Eikrem gav til nettstaden Resett i 2018 om drapa i Trondheim, der to afghanske tenåringar vart drepne i sentrum av ein afghansk gjerningsmann.

Eikrem sa den gang i intervju at framstillinga av hendinga i mediene som berre ein «tragedie», var naiv. Han meinte det finst ein nødvendig kontekst å ta med i betrakninga: som at Noreg let ein masse unge menn komme hit og framstiller mennene som hjelpelause stakkarar, små barn som treng omsorg, og viss ein berre handsamar dei godt, så vil alt gå bra.

– Det er litt sånn naiv Hakkebakkeskogen-mentalitet, lausriven frå det vi veit om korleis mennesker eigentleg oppfører og endrar seg, sa Eikrem.

Han viste vidare til at dette handla om menn frå kulturar med eit heilt anna syn på vald, straff og disiplin. Eit syn nordmenn har problem med å forstå er mogleg. Eikrem viste vidare til at ein del av migrantane har vakse opp med krigsliknande forhold, noko som vil prege den psykologiske funksjonen og korleis dei responderer på situasjoner, slik som konflikt og usemje. 

Enkelte anonyme kollegaer av Eikrem regaerte på intervjuet og det vart sett i gang ein ufin prosess mot han, som Eikrem oppfatta som knebling av hans ytringsfridom. 

Kollegaer spionerte og rapporterte til leiinga

Torvund seier at Eikrem har rett til å ha og gi uttrykk for kontroversielle og politisk ukorrekte standpunkt, og legg til at kommentarar på Facebook under eit pseudonym der ein uttrykkjer seg som privatperson er arbeidsgiver uvedkommande.

Jusprofessoren sa også at med bakgrunn i den behandlinga Eikrem har blitt utsatt for av NTNU, så har han full forståing for at Eikrem har lite tillit til leiinga og til kollegaer:

– Her beordra leiinga på eit særdels tynt grunnlag at dei skal undersøkje jobb-PCen for å undersøkje om han har skreve noko på sosiale medier som ikkje har med stillinga hans å gjere. Vi kan lese om at andre kollegaer spionerer på han for å sjå kva nettsider han er logga inn på, og rapportere om dette til leiinga.

Ingen kan ha tillit til slik leiing, eller slike kollegaer, avslutta Torvund.