Den amerikanske politikaren for det demokratiske partiet, Nancy Pelosi, har formue over ein milliard norske kroner går det fram av lekte opplysningar.
Pelosi som har årslønn på om lag 1,8 millionar kroner er mest kjent som «Speaker» i kongressen og for alle riksrett-sakene mot USAs tidlegare president, Donald Trump.
Det var på Twitter at investeringsportefølja med smarte investeringar kom fram. Den viser eigarskap i fleire teknologibedrifter som Alphabet, Amazon, Apple og Nvidia.
Pelosi tjente millionar av dollar etter det amerikanske forsvarsdepartementet trekte ein «JEDI»-skytenestekontrakt verdt 10 milliardar dollar frå Microsoft etter strid i 2019 og 2020. Det var teknologiselskapet Amazon som overtok den, der politikaren har aksjar.
Fleire spekulerer i om Pelosi handlar med innsideinformasjon i både Big Tech og Bio Tech.
Innsidehandel er gammalt nytt i USA for ambisiøse politikarar. Tidlegare leiar for senatet Harry Reid, også demokrat, tjente rått på den såkalte helsereformen «Obamacare» og oljeaksjar tilbake i 2008. Rett før marknaden krasja selde han alle oljeaksjane.
Fleire amerikanske politikarar dumpa også sine private aksjar før dei strenge koronatiltaka vart annonsert.
Kongress-politikarar får best avkastning
Eit studie utført i 2011 som undersøkte investeringar utført av medlemmar i kongressen mellom 1985-2001 konkluderte med at politikarar hadde meir enn 6 % betre avkastning på investeringane sine enn andre profesjonelle investorar.
Tidlegare studier har dessutan vist at senatorar får betre avkastning på investeringane sine enn medlemmar av representantane sitt hus.
Studier viser at profesjonelle meklarar aldri konsekvent greier slå marknaden. Likevel greier politikarar som Reid, Pelosi og deira jamaldra i kongressen gjere det Warren Buffet berre kan greie på sine lengste investeringsporteføljer.
Innsidehandel er ikkje offerlaus kriminalitet sidan andre kjøper og sel investeringar utan den informasjonen politikarane har.