Regjeringa har løyvd 430 millionar kroner som koronastønad til anleggsbransjen. Millionane er meint å gje sysselsetting utover hausten. Av konkrete tiltak i Indre Sogn er det Fodnestunnelen som får 1,3 millionar kroner.
Prosjektleiar i Statens vegvesen, Per Ove Fossheim, seier til Grafen det er planlagt spettreinsk og bolting i tunnelen.
– Arbeidet startar opp etter at den største ferietrafikken har gitt seg, truleg i løpet av august/september.
Fossheim seier arbeidet som er planlagt vil vare om lag 14 dagar, og blir utført som nattarbeid.
I tillegg er det sett av 22 millionar kroner til dekkelegging i regionen, som betyr asfaltering nokre stadar.
– Eitt år med austeuropeisk vegstandard
Ei av strekningane der det kjem ny asfalt er på Rv5 Bondeviki-Fardal som vart fresa opp i byrjinga av september 2019.
Årsaka til oppfresinga var i følgje seksjonsleiar Eivind Yttri mykje sporing og vatn som la seg.
I staden for å leggje nytt dekke der og då, må sogndølene køyra på ruglete og humpete veg fram til august i år, om alt går etter planen.