Microsoft fjernar nynorsk frå Outlook for iPhone og iPad


I slutten av denne månaden fjernar Microsoft nynorsk språk frå Outlook-appen for iPhone og iPad. Saman med nynorsk forsvinn også 26 andre språk.

Epost- og kalenderprogrammet er det mest brukte i verda ved sida av Gmail frå Google.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, seier til Framtida.no at dette er dårleg nytt, og går i heilt feil retning sett i samanheng med ambisjonane i språkmeldinga som blei lagt fram no nyleg.

Wetås ber skular, kommunar og andre offentlege verksemder om å passa på å stilla krav til nynorsk når dei kjøper inn programvare, pcar og nettbrett.

Språkrådet får støtte frå Fakhra Salimi som er leiar Mira-senteret [ressurssenter for kvinner med minoritetsbakgrunn, red. anm.]. Ho meiner endringane til Microsoft vil råke ei sårbar gruppe i Norge – innvandrarar som verken meistrar bokmål eller engelsk godt.

– Styresmaktene må sørge for at desse bransjane vert regulert slik at teknologien vi er vorte avhengige av, er tilgjenge for alle, seier Salimi til Klassekampen.no.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.