Fagleiar i Statens vegvesen dømt til fengsel for fabrikkering av sakkyndigrapportar


Det er fagleiar i Statens vegvesen, Roy Inge Tveitan (55), som før helga vart dømt til ubetinga fengsel i eitt år og ni månader – og må truleg feire jul to ganger bak høge betongmurar med piggtråd.

I den 75 sider lange dommen skriv retten at straffenivået for overtredelsen må sjåast hen sterke omsyn til ålmenta knytt til det å gi korrekte opplysningar til offentlege styresmakter i forbindelse med etterforskning av straffesaker.

Leiaren for Statens vegvesen si spesialistgruppe hadde over ein periode på tre og eit halvt år fabrikkert og manipulert data i alt 14 saker av alvorleg karakter, slik som dødsulykker i trafikken og drapssaker.

Retten skriv at skadepotensialet til dei uriktige opplysningane har vore betydeleg sett i lys av rolla Tveitan hadde ved avlesing av informasjon frå køyretøy gjennom bruk av ulike verktøy. Informasjonen har vorte oppfatta som objektiv informasjon av aktørar, medan det i realiteten var forfalska og manipulerte data.

I tillegg gav fagleiaren forklaring for retten som sakkyndig vitne i tre av sakene.

SEKS STRAFFESAKER OMGJORT

Statsadvokat Geir Evanger har ignorert spørsmål frå Grafen, men seier til nettstaden Rett24 at politiet som konsekvens av saka har gått gjennom 174 straffesaker som Tveitan har vore sakkyndig i.

Resultatet var at fem førelegg vart trekt, og ei av sakene henlagt. Ei sak med dom på ubetinga fengsel vart gjenopna og forholdet avgjort med påtaleunnlatelse.

Andre personar som har hatt Roy Ingen Tveitan som sakkyndig bør imidlertid søkje juridisk hjelp, som advokat, for å avklare fakta i saka. Tips gjerne Grafen om det.

Tveitan fabrikkerte også data i den såkalla Lørenskog-saka, om forsvinninga til Anne-Elisabeth Hagen. Ein rapport som skulle vise kor langt Tom Hagens bil hadde køyrt på gitte datoar. I staden for å skrive at det ikkje var mogleg å lese av, skreiv fagleiaren i Statens vegvesen urktig at køyretøyet hadde tilbakelagt 89 kilometer.

I dommen heiter det at:

« forbindelse med at Statens Vegvesen bisto politiet i etterforsking av en frihetsberøvelse 31. oktober 2018 på Lørenskog (Hagen-saken), hadde han som oppgave å hente ut tekniske data fra en Citroen Picasso personbil med registreringsnummer DN37074 blant annet med tanke på å kartlegge hvor langt bilen hadde kjørt på gitte datoer. Han sendte først en rapport datert 12. november 2018 pr. e-post til politiet og deretter en korrigert versjon 19. desember 2018 hvor det fremgikk at han ved hjelp av avlesningsverktøyet CrashCube hadde sikret data som viste at nevnte Citroen hadde tilbakelagt en distanse på 89 km 31. oktober 2018 i tidsrommet 00:00 til 23.59. Han fortiet at det ikke var mulig å avlese tilbakelagt kjørelengde for dette kjøretøyet med avlesningsverktøyet CrashCube og for å få det til å se ut som om han hadde klart å sikre denne typen data endret han en utlesningsrapport for kjøretøyet slik at den ga utrykk for at tilbakelagt kjørelengde 31. oktober 2018 var 89 km. I tillegg endret han en utlesningsrapport for et annet kjøretøy slik at også denne ga utrykk for at Citroen Picasso hadde tilbakelagt kjørelengde på 89 km 31. oktober 2018.«

Tveitan sin advokat Kim Ellertsen i Elden advokatfirma seier i kommentar til Grafen at klienten har motteke dommen, og at dei skal gå gjennom denne før det vert teke stilling til om den skal ankast eller ikkje.