– Ein sterkare russisk-iransk akse vil tvinge fram motreaksjonar


Grafen har spurt hovudlærar ved krigsskulen, Palle Ydstebø, om kva Irans angrep på Israel betyr for regionen.

Det var 13. april Iran gjekk til angrep på Israel ved å sende 300 missilar og droner. Nesten 100 % vart skote ned av luftvernet «Iron Dome», det mest avanserte i verda.

Ydstebø seier at det er første gang Iran angrip Israel frå eige territorium og med eigne våpen.

– Tidlegare har dei nytta andre midlar, blant anna frå Hezbollah [ei libanesisk sjiamuslimsk gruppe med ei militær og en politisk grein, red. anm.].

Angrepet endrar ikkje tryggleikssitiuasjonen i regionen, men det har blitt enno klarare kor spent den allereie er, seier han.

Ydstebø meiner at angrepet kan bidra til at arabiske land som er bekymra for iransk påverknad i regionen kan samle seg om felles politikk, og også samkøyre seg med USA og muligens også Israel. Det siste kan vere avhengig av korleis Israel vel å reagere på angrepet.

– Lenge igjen før Russland kan kallast supermakt

Israel har bygd opp eit lagdelt bakkebasert luftvern som dekkar godt ut i atomsfæra mot ballistiske missil, til myndre system som kan skyte ned fly, kryssarrakettar, granater og mindre rakettar.

I tillegg har israelske kampfly kapasitet til å skyte ned krysserrakettar og droner, i tillegg til fly.

Under angrepet 12. april fekk Israel bistand av allierte i regionen.

Ydstebø meiner at Israel er enkelt å dekke med luftvern, der dei enkelte systema overlapar og gir djubde og seigheit i forsvaret.

Han seier vidare at Iran vil måtte ha russisk støtte om dei skal kunne prege regionen meir enn dei gjer, men eit sterkere Iran vil nok også gjere at dei arabiske landa i Persiagulfen kan samle seg i en felles front mot Iran.

– Ein sterkare russisk-iransk akse vil tvinge fram motreaksjoner for å utligne og balansere desse, der også vestlige land kan få en rolle som minner om støtten til Israel vi har sett i det siste.

Russland har likevel lenge att før dei kan kalles ei supermakt.

– Det er berre atomvåpen som gjer at dei har den innflytelsen dei har. Skulle Russland nå målet med kontroll over Ukraina, så er det nok dei aust-europeiske landa som har grunn til bekymring, ikkje nødvendigvis land i Midtausten.

– For Russland er kontroll over Ukraina og landets befolkning, råvarer og industri nødvendig for å nærme seg ein supermaktstatus, avsluttar Ydstebø.