Her er dei 10 Syden-hotella norske gjester gjev høgaste karakter


Skal du på Syden-ferie i sommar, men slit med å velje hotell, fordi det er så mange å velje blant? Her er lista over dei 10 hotella som norske gjester gjev høgaste karakter.

Januar er høgsesong for å bestille årets høgdepunkt for mange nordmenn, nemleg sommarferien til utlandet.

For mange er ikkje reisemålet det viktigaste, men det er avgjerande å velje rett hotell.

– Det strøymer innn bestillingar no, både til vinterferien rett rundt hjørnet og enno fleire til sommarferien. Nordmenn ønskjer gjerne høgast mogleg standard til ein så god pris som mogleg. Vi prioriterer ferien høgt, og då må vi vere sikre på at hotellet leverer på dei høge forventningane som følgjer med, seier kommunikasjonssjef i TUI Norge, Anne Mørk-Løwengreen.

I følgje ein undersøkelse frå det britiske reiseselskapet First Choice, ein del av TUI Group, kjenner to av fem seg overvelda av beslutningsvegring, fordi det er så mange valmoglegheiter. Vi brukar mykje tid på å finne rett reise, og er redde for å velje feil.

– For å gjere beslutninga lettare, har vi sett samen ei topp-10 liste over hotell nordmenn gjev toppkarakter på tvers av reisemål. Vi veit at nordmenn har litt høgare krav enn andre blant anna når det gjeld gode fellesområder og utvalet av mat og drikke. Difor fokuserer vi litt ekstra på dette på våre eigne hotellkonsepet, seier Mørk-Løwengreen.

Topp 10 favoritthotell i Syden er:


 1.  TUI Blue Barut Andiz i Side Tyrkia (aldersgrense 16 år)  TTTT+   
 2.  Atlantica Imperial Resort i Kolymbia på Rhodos (aldersgrense 16 år) TTTTT
 3.  Novella Apartments,  Alanya i Tyrkia TTTT
 4.  Flamingo Paradise Beach Hotel, i Fig Tree Bay på Kypros (Aldersgrense 16 år) TTTT
 5.   Blue Lagoon City Hotel, i Kos by TTTT
 6.  Creta Sun Hotel, i Gerani på Kreta TTT+
 7.  Blue Star Atlantica Aegean Blue, i Kolymbia på Rhodos TTTT+
 8.   TUI Magic Life Plimmiri på Rhodos TTTT+
 9.  Blue Star Euphoria Resort i Kolimbari på Kreta TTTTT
10. Thalassa Beach Resort i Agia Marina på Kreta (aldersgrense 16 år)  TTTT+