Direktør i Arbeidstilsynet trekkjer seg etter varsel om fryktkultur og stress


I staden for å vere førebilete for trygt arbeidsmiljø har tilsette varsla på leiar for Arbeidstilsynet Trude Vollheim om mellom anna fryktkultur og stress.

No går Vollheim av.

Vollheim har tidlegare vore regiondirektør i Skatteetaten for Skatt Midt-Norge før ho byrja i Arbeidstilsynet.

Vollheim orienterte Arbeids- og inkluderingsdepartementet [AID, red. anm.] fredag ettermiddag at ho trekkjer seg frå stillinga som direktør for Arbeidstilsynet.

«Etter grundig og tung vurdering har eg gjeve AID beskjed om at eg trekkjer meg frå mi stilling med umiddelbar verknad» sa Vollheim til eiga pressemelding.

Avgjerda kom etter at departementet har motteke varsel på Vollheim om fleire kritikkverdige forhold i Arbeidstilsynet.

Vollheim har ikkje ville kommentere saka for media.