9 av 17 kontrollerte verksemder sel framleis eingongsprodukt i plast


Miljødirektoratet har kontrollert om nettbutikkar og større butikkjeder framleis sel eingongsprodukt i plast, sjølv om det er forbode. Dei fann at 9 av dei 17 kontrollerte verksemdene framleis sel eingongsprodukt i plast. 

Mattilsynet kontrollerte om omsetningsforbodet for eingongsprodukt i plast blir overhalde for bestikk, sugerøyr, ballongpinnar og festemekanismar til slike pinnar og takeaway matbehaldarar av EPs (ekspanderte polystyren, dvs. isopor) i både nettbutikkar, fastfood- og større butikkjeder. I tillegg kontrollerte dei krav til merking om rett avfallsdisponering for eingongsprodukt i plast, mellom anna våtserviettar og drikkebeger.

Biobasert plast som PLA – er også forboden

Fire av dei kontrollerte verksemdene selde eingongsprodukt i biobaserte bionedbrytbar plast (PLA), som er plast framstilt av plantemateriale som t.d. mais.  Funna tyder på at enkelte forhandlarar ikkje har forstått at slike produkt også er omfatta av omsetningsforbodet og merkekravet.

– Det er for mange som sel eingongsprodukt i plast som er forboden, to år etter at forbodet vart innført. I dei største butikkjedene fann dei ingen feil. Det er i nettbutikkane tilsynet finn regelbrota, ved at dei selde ulike typane eingongsprodukt i plast som sugerøyr, og bestikk, seier Mathieu Veulemans, seksjonsleiar for varetilsyn i Miljødirektoratet.

Positiv trend

I kontrollane ser Mattilsynet likevel ein positiv trend ved at fleire har erstatta eingongsprodukt i plast med anna materiale, som tre, metall, glas, silikon og bambus. Eingongsbestikk er no oftare laget av tre.

– Inntrykket vårt er at forbodet er godt kjent blant produsentane av desse produkta, og at regelverket har hatt ein effekt ved at dei no vel alternative materiale, seier Veulemans.

Eingongsplastprodukt forsøplar naturen

Mange eingongsprodukt i plast bidreg til å forsøple naturen då dei ofte blir kasta utanfor innsamlingssystem for avfall. Det gjeld mellom anna bomullspinnar (Q-tips), bestikk, tallerkenar, sugerøyr, ballongpinnar og festemekanismar til slike pinnar og takeaway matbehaldarar av ekspanderte polystyren (EPs)/isopor, som har vorte forboden.

Forbodet kjem frå EUs direktiv om plastprodukt som vart innførte i norsk rett i juli 2021 og krava finst i produktforskrifta.

Merkekrav og avfallsdisponering

Det blir også stilt krav til merking på enkelte eingongsprodukt i plast. Merkekravet gjeld for drikkebeger, tobakksprodukt, våtserviettar, sanitetsbind og tampongar.

Merket er utforma som eit piktogram. Det kommuniserer at produktet er laga av plast og ikkje skal kastast i toalettet eller i naturen då det kan skade liv i vatn.

Av produkta Mattilsynet kontrollerte fann dei ikkje brot på merkekrava.

Omsetningsforbodet og merkekravet omfattar produkt med plastfilm

Omsetningsforbodet og merkekravet gjeld også for produkt som heilt eller delvis er laga av plast. Det finst inga nedre grense for kor lite plast eit produkt kan bestå av for at det er omfatta av regelverket. Til dømes vil ein papptallerken og eit drikkebeger av papp med plastfilm vere omfatta av både omsetningsforbodet og merkekravet.

Miljødirektoratet held fram kontrollane i 2024 

– Miljødirektoratet vil halde fram med kontroll av eingongsprodukt i plast i 2024. Ser du at det blir eingongsprodukt selde i plast som er forboden eller som ikkje er merket rett, tips oss gjennom vår tipsside på miljodirektoratet.no seier Veulemans.