Tesla Cybertruck med Porche 911 på tilhengar slår Porche 911 i dragrace


Cybertruck er ein elektrisk pickup som er raskare enn dei aller fleste superbilane og fleire supersport motorsyklar. Den gjer 0-100 km/t på berre 2,6 sekund.

For å bevise dette tok Elon Musk med bilen til ei dragrace bane mot ein Porsche 911. I dragracet slo ikkje berre cybertrucken sportsbil-ikonet – men gjorde det med å trekke ein Porche 911 på tilhengar.

Dei dårlege nyhendene er at Cybertruck vert litt dyrare enn først rekna med.

Bilen kjem i tre utgåver der den billigare varianten har bakhjulstrekk og to variantar med firhjulstrekk. Den sterkaste og raskaste modellen «Cyberbeast» kostar litt over 1 million kroner – før avgifter.

For å køyre Cybertruck må du imidlertid har førarkort klasse C, då den har total tillaten vekt over 4 tonn. Den skal vere i stand til å trekke 5 tonn på tilhengarfestet.

I følgje Tesla brukar den 800-volt elektrisk arkitektur og er utstyrt med 845 hestekrefter og dreiemoment på nær 14 000 newtonmeter.

Nedanfor kan du sjå det heile.