Ynskjer ny valordning


–  Kyrkjemøtet må finne ei valordning som svarar til valdeltakinga, meiner kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum.

Den foreløpige rapporteringa for kyrkjevalet viser at 8,99 % av alle med stemmerett stemte.

Kristin Gunleiksrud Raaum er leiar i Kyrkjerådet, og meiner det no er behov for å finne ei valordning som svarar til valdeltakinga.

– Alt for mange har brukt alt for mykje tid på alt for få deltek i kyrkjevalet. Det nyvalde Kyrkjemøtet må finne ei valordning som svarar til valdeltakinga.

Det skriv ho i eit innlegg i avisa Vårt land.

– Vi må sjå på ei ny valordning. Då er det viktig å sjå på alle element som kan gjere at vi svarar opp lovkravet om å vere landsdekkjande og demokratisk, men samtidig står i høve til oppslutninga i valet.

Ynskjer meir digitalt val

For første gong var det i år mogeleg å førehandsstemme digitalt i kyrkjevalet. Raaum ynskjer meir digitalt val i framtida.

– Eg meiner det er grunnlag for å satse meir på digitale val. Ein av tre veljarar stemte digitalt i år for første gang. Det sikrar hemmelege val, er universelt tilgjengeleg og landsdekkjande. Samtidig må det vere mogeleg å stemme på papir for dei som ikkje ynskjer eller har høve til å stemme digitalt.

Av dei 272 601 som stemte i kyrkjevalet, valde 34 % digitalt på førehand. Det er ny rekord i førehandsstemmer.

Medlemsdemokrati

Kyrkjevalet er det største medlemsdemokratiet i Noreg.

– I eit medlemsdemokrati handlar det mykje om å gje si støtte til dei som er villige til å ta på seg oppgåver for kyrkja, anten lokalt eller regionalt/nasjonalt, skriv Raaum i Vårt land-innlegget.

I tillegg peikar kyrkjerådsleiaren på utfordringa med å få kandidatar til val av sokneråd.

– Ei stor utfordring er at det er stadig færre kandidatar til val av sokneråd og at gjennomsnittsalderen går opp.