Landbruksdirektoratet vil ha slutt på ulovleg besøk i Russland for norske reinsdyr og har sett i gang oppgradering av grensegjerde for å hindre nettopp ulovleg grensepassering for norske reinsdyr.
Både mennesker og reinsdyr må ha papira i orden for å krysse den norsk-russiske grensa. Det er difor bygd eit 150 kilometer langt gjerdee for å halde norske reinsdyr på norsk side av grensa.
Landbruksdirektoratet inngjekk nyleg ein kontrakt med eit firma i Finnmark om nytt gjerde på den sju kilometer lange strekninga mellom Storskog og Hamborgsvatnet. Gjerdet skal vere ferdig innan 1. oktober i år.
Kostbar grensekryssing
Dei strenge reglane for grensepassering skaper utfordringar for reinsdyr og dei som skal montere det nye gjerdet.
– Montørane må heile tida halde seg på norsk side av grensa medan dei arbeidar med å setje opp gjerdet, noko som gjer arbeidet ekstra krevjande, seier Magnar Evertsen som er fagdirektør i Landbruksdirektoratet.
Reinsdyra har ikkje i same grad fulgt regelverket. Når norske reinsdyr hamnar på russisk side, skper det både økonomiske og byråkratiske utfordringar.
Hittil i år har 42 norske reinsdyr teke seg over grensa og beita i ein nasjonalpark på russisk side. Etter kontakt med russiske styresmakter er 40 av desse henta attende til Noreg, og dei to siste er forventa å følgje etter.
– Det er eit par år sidan russiske styresmakter tillot å henta attende reinsdyr. Så dette er veldig positivt signal frå russisk side, i ei tid med geopolitiske spenningar, seier Evertsen.
Russiske styresmakter krev 50 000 kroner for kvart dyr som har beita i Pasvik Zapovednik nasjonalpark på russisk side.
Når dyra kjem heim til Noreg vert dei avliva og slakta med ein gang. Dette vert gjort i frykt for at dei skal krysse grensa igjen. I framtida er det mogleg at Mattilsynet også vil krevje at dyra skal verte destruert.
Om dei held seg på rett side av gjerdet når det er på plass vil framtida vise.